Frantic
Frantic Studioalbum av Bryan Ferry | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. april 2002 | |
Sjanger | ||
Lengd | 47:22 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Bryan Ferry, Rhett Davies, Colin Good, David A. Stewart, Robin Trower | |
Bryan Ferry-kronologi | ||
---|---|---|
As Time Goes By (1999) |
Frantic | Dylanesque (2007)
|
Frantic er det ellevte studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, den tidlegare solovokalisten i Roxy Music. Albumet kom ut Virgin Records i 2002. Dei fleste songane var produserte av Rhett Davies, Colin Good og Bryan Ferry. David A. Stewart og Robin Trower var òg produsentar på eit par av songane.[1][2][3][4]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Entertainment Weekly | B+ lenkje |
PopMatters | Favorable lenkje |
Stylus Magazine | A- lenkje |
AllMusic-kritikaren Tim DiGravina skreiv om albumet: «Somme lyttarar kan kome til å seie at eit album som er så variert har ei identitetskrise, men med desse usedvanlege gode spora, så flotte som Dylan-songane og Eno-songen som avsluttar albumet, er Frantic eit fascinerande tillegg til diskografien til Bryan Ferry.»[5] PopMatters-kritikaren David Medsker skreiv: «Frantic er litt som ei samleplate, med bitar som minner om Boys and Girls og andre som minner om seinare Roxy, og det kan rangerast midt på treet til øvre halvdel blant alle albuma hans. Men det er det mest samanhengande albumet han har gjort på lang tid. Med tanke på kor nedslått og ute han verka å vere, er det faktum at Frantic er meir enn halvbra er grunn til glede.»[6]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsent(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «It's All Over Now, Baby Blue» | Bob Dylan | Davies, Good, Ferry | 4:05 |
2. | «Cruel» | Ferry, David A. Stewart | Davies, Good, Ferry | 3:55 |
3. | «Goin' Down» | Don Nix | Davies, Good, Ferry | 3:08 |
4. | «Goddess of Love» | Ferry, Stewart | Stewart, Ferry | 3:33 |
5. | «Don't Think Twice, It's Alright» | Dylan | Davies, Good, Ferry | 4:05 |
6. | «Nobody Loves Me» | Ferry, Stewart | Davies, Good, Ferry | 3:23 |
7. | «Ja Nun Hons Pris» | Richard Coeur de Lion, arr Ferry og Good | Davies, Good, Ferry | 0:35 |
8. | «A Fool for Love» | Ferry | Davies, Good, Ferry | 4:44 |
9. | «Goodnight Irene» | Huddie Ledbetter, Alan Lomax | Ferry, Trower | 3:20 |
10. | «Hiroshima...» | Ferry | Ferry, Trower | 3:13 |
11. | «San Simeon» | Ferry, Stewart | Davies, Good, Ferry | 4:36 |
12. | «One Way Love» | Bert Russell, Norman Meade | Stewart, Ferry | 3:05 |
13. | «I Thought» | Ferry, Brian Eno | Ferry, Trower, Davies, Good | 5:40 |
14. | «I Forgot More Than You'll Ever Know» (Japansk bonusspor) | Cecil Null | Ferry, Davies, Good |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Bryan Ferry – vokal, munnspel, klaverinstrument
- Mick Green – gitar
- Jonny Greenwood – gitar
- Robin Trower – gitar
- Pete Glenister - gitar
- David Williams - gitar
- Chris Spedding – gitar, elektrisk sitar
- David A. Stewart - gitar
- Brian Eno – korvokal, klaverinstrument, gitar, piano, synthesizer
- Colin Good – piano, strykearrangement
- Paul Taylor - klaverinstrument
- Terry Disley - klaverinstrument
- Zev Katz – bassgitar
- Marcus Miller - bassgitar
- Frank Ricotti – perkusjon
- Paul Thompson – trommer
- Bobby Irwin - trommer
- Julia Thornton – harp
- Lucy Wilkins – strings & vokal
- Natalia Bonner – strings & vokal
- Lucy Theo – strings & vokal
- Rosie Wetters – strings and vokal
- Keith Thompson – obo
- Robert Fowler – altsaksofon
- Mary Nelson – soprano
- Alison Goldfrapp – korvokal
- Patti Russo – korvokal
- Lucy Kaplansky – korvokal
- Sarah Brown – korvokal
- Kelli Dayton – korvokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Frantic» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Medsker, David. «Bryan Ferry: Frantic». popmatters.com. Henta 25. juli 2021.
- ↑ Young, Alex. «Album Review: Bryan Ferry – Olympia». consequenceofsound.net. Henta 25. juli 2021.
- ↑ Jones, Chris. «Bryan Ferry Frantic Review». bbc.co.uk. Henta 25. juli 2021.
- ↑ Weiner, Mathew. «Bryan Ferry». stylusmagazine.com. Arkivert frå originalen 9. mai 2012. Henta 25. juli 2021.
- ↑ http://www.allmusic.com/album/frantic-mw0000660001
- ↑ http://www.popmatters.com/review/ferrybryan-frantic/