Bête Noire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bête Noire
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve 2. november 1987
Innspelt 1986–1987
Studio Compass Point Studios i Nassau i Bahamas; Marcadet i Paris; Mireval i Frankrike; Guillaume Tell i Paris
Sjanger Sophisti-pop
Lengd 43:18
Selskap Virgin (U.K.)
Reprise (USA)
Produsent
Bryan Ferry-kronologi
Boys and Girls
(1985)
Bête Noire Taxi
(1993)


Bête Noire er det sjuande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry. Albumet kom i november 1987 på Virgin Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Albumet selde godt og fekk god kritikk, og nådde niandeplassen på den britiske albumlista. Det selde til gullplate i Storbritannia.

Den første singelen, «The Right Stuff» (eit samarbeidd med Johnny Marr som ein versjon av The Smiths-instrumentalen «Money Changes Everything», ei B-side) var den einaste hitten hans i Storbritannia, då singelen nådde 37. plassen.[1] Den andre singelen, «Kiss and Tell», nådde akkurat ikkje topp 40 i Storbritannia, men nådde topp 40 i USA, som den einaste singelen til Ferry som klarte dette. Songen vart nytta i filmen Bright Lights, Big City. Den tredje og siste singelen, «Limbo», nådde 86. plassen i Storbritannia.[2][3][4] Modellane Denice Lewis (som òg er på framsida av singelomslaget), Christine Keeler og Mandy Rice-Davies var med i musikkvideoen for singelen «Kiss and Tell».[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med det førre Ferry-albumet, Boys and Girls (1985), kom han fram til at det var på tide med ei stilendring. I eit forsøk på å gje musikken sin ein meir dansbar stil, slo han seg saman med Patrick Leonard, som var kjend for samarbeidet med Madonna.[6] Leonard var medlåtskrivar på fem av songane på albumet. Gjesteartistar på albumet var mellom anna Pink Floydgitaristen David Gilmour, studiomusikaren Guy Pratt, David Williams, Abraham Laboriel, den tidlegare Roxy Music-gitaristen Neil Hubbard og trommeslagaren Andy Newmark.

Fans har ofte spekulert i om songen hans «Kiss and Tell» var Ferry sitt svar til den avslørande boka til Jerry Hall om forholdet deira, som var komen ut eit par år tidlegare.[7]

Søksmål med E.G. Records[endre | endre wikiteksten]

Før albumet kom ut hevda Ferry at platekontrakten hans med selskapet E.G. enda i mars 1987 og at han kunne selje det nye albumet til andre selskap. E.G. sa at dette braut ein 15 år lang kontrakt som gav dei eksklusive rettar til marknaden i Canada og USA. Søksmålet kom opp i høgsteretten i London og i ei høyring før rettssaka vart partane samde om at albumet skulle gjevast ut før hovudhøyringa. Ferry skulle betale ein tredjedel av honorara til ein felles konto med E.G. – som dei skulle få om dei vann saka. E.G. vann til slutt saka og marknadsførte albumet i Canada og USA.[8]

Albumet kom ut i USA på Reprise Records, og det gjekk inn på Billboard-lista 21. november 1987 og låg 31 veker på lista, med ein 63. plass som høgaste plassering.[9]

Turneen i 1988-1989[endre | endre wikiteksten]

Ferry turnerte i Australia, Japan, USA, Canada og Europa for å marknadsføre albumet. The Edge frå U2 vart med Ferry på scenen på konserten i Dublin for å spele på den irske folkevisa «Carrickfergus» (som Ferry tidlegare hadde spelt inn i 1978) og Johnny Marr akkompagnerte han på «The Right Stuff» på konserten i Manchester. Den tidlegare Roxy Music-musikaren Andy MacKay spelte òg på eit par nummer på konsertane i London Palladium og Wembley Arena.[10]

Fleire av songane frå konserten i Glasgow kom ut på fleire CD-singlar av Ferry mellom 1993 og 1995.

Besetning[endre | endre wikiteksten]


Konsertar
  • 2. august 1988 – Poughkeepsie i New York i USA
  • 3. august 1988 – New Haven i Connecticut i USA
  • 5. august 1988 – Philadelphia i USA
  • 6. august 1988 – Boston i USA
  • 7. august 1988 – Woodbridge, California i USA
  • 9. august 1988 – Radio City Music Hall, New York i USA
  • 10. august 1988 – Radio City Music Hall, New York i USA
  • 11. august 1988 – Radio City Music Hall, New York i USA
  • 13. august 1988 – Chrysler Hall, Norfolk i USA
  • 14. august 1988 – Atlanta i Georgia i USA
  • 15. august 1988 – Washington, D.C. i USA
  • 17. august 1988 – Toronto i Canada
  • 18. august 1988 – Montreal i Canada
  • 20. august 1988 – Quebec City i Canada
  • 21. august 1988 – Ottawa i Canada
  • 23. august 1988 – Cleveland i USA
  • 24. august 1988 – Detroit i USA
  • 26. august 1988 – Milwaukee i USA
  • 27. august 1988 – Chicago i USA
  • 28. august 1988 – Chicago i USA
  • 30. august 1988 – Minneapolis i USA
  • 31. august 1988 – Winnipeg i Canada
  • 2. september 1988 – Calgary i Canada
  • 3. september 1988 – Edmonton i Canada
  • 5. september 1988 – Vancouver i Canada
  • 6. september 1988 – Seattle i USA
  • 8. september 1988 – Sacramento i USA
  • 9. september 1988 – Berkeley i USA
  • 10. september 1988 – Santa Barbara i USA
  • 12. september 1988 – Denver i USA
  • 13. september 1988 – Phoenix i USA
  • 16. september 1988 – San Diego i USA
  • 18. september 1988 – Los Angeles i USA
  • 19. september 1988 – Los Angeles i USA
  • 11. oktober 1988 – Nihon Budokan, Tokyo i Japan
  • 12. oktober 1988 – NHK Hall Tokyo i Japan
  • 13. oktober 1988 – Nagoya City Hall Nagoya i Japan
  • 15. oktober 1988 – Cultural Hall Shikoku i Japan
  • 17. oktober 1988 – Nihon Budokan Tokyo i Japan
  • 18. oktober 1988 – Department Of Education Hall Osaka i Japan
  • 20. oktober 1988 – Department Of Education Hall Osaka i Japan
  • 21. oktober 1988 – Kawasaki Cultural Hall Yokohama i Japan
  • 25. oktober 1988 – USA Super Top Tent Aukland i New Zealand
  • 29. oktober 1988 – World Expo 1988 Brisbane i Australia
  • 31. oktober 1988 – Entertainment Centre Sydney i Australia
  • 1. november 1988 – Entertainment Centre Sydney i Australia
  • 4. november 1988 – National Tennis Centre Melbourne i Australia
  • 7. november 1988 – Festival Theatre Adelaide i Australia
  • 8. november 1988 – Festival Theatre Adelaide i Australia
  • 11. november 1988 – Entertainment Centre Perth i Australia
  • 17. november 1988 – Sporthalle Hamburg i Tyskland
  • 19. november 1988 – Isstadion Stockholm i Sverige
  • 22. november 1988 – Paris i Frankrike
  • 23. november 1988 – Ahoy Rotterdam i Nederland
  • 27. november 1988 – ICC Berlin i Tyskland
  • 28. november 1988 – Phillipshalle Düsseldorf i Tyskland
  • 2. desember 1988 – Palasport Firenze i Italia
  • 4. desember 1988 – Palaeur Rome i Italia
  • 6. desember 1988 – Olympiahalle Munich i Tyskland
  • 7. desember 1988 – Alte Oper Frankfurt i Tyskland
  • 8. desember 1988 – Vorst Nationaal Brussels i Belgia
  • 10. desember 1988 – SECC Glasgow i Skottland
  • 11. desember 1988 – Manchester GMEX Centre
  • 13. desember 1988 – Royal Dublin Showground i Irland
  • 15. desember 1988 – Palladium London i England
  • 16. desember 1988 – Palladium London i England
  • 13. januar 1989 – National Exhibition Centre Birmingham i England
  • 14. januar 1989 – National Exhibition Centre Birmingham i England
  • 16. januar 1989 – Wembley Arena London i England
  • 17. januar 1989 – Wembley Arena London i England
  • 19. januar 1989 – Wembley Arena London i England
  • 20. januar 1989 – Wembley Arena London i England

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg lenkje
Robert Christgau(C+) Jan. 26, 1988
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
Billboard(positiv)[8]

I ei melding for AllMusic skreiv Ned Raggett at «Bête Noire gnistrar som høgdepunktet i solokarrieren til Ferry etter Roxy, og har nok energi til å vere meir enn Boys and Girls del to. Her slår hans velpolerte hjartesorg ein fin balanse mellom mystisk stemning og dansegolv-energi, og Leonard har meir enn eit par triks i ermet for å halde peppen oppe.»[11] Kritikaren Robert Christgau skreiv «Som med Mick Jagger, av alle folk, er signalet om at sjølvimitasjonen har søkkt ned i sjølvparodisk forkynnande og keisam vokal, som ein gong var ur-posh, no berre er sjølvtilfreds.»[12] Billboard skreiv om albumet: «Den tidlegare Roxy Music-maestroen sin etterlengta oppfølgjar til Boys and Girls byr godt for det nye selskapet hans Reprise. Som tidlegare Ferry-soloplater er songaren og låtskrivinga like elegant og sjarmerande som vanleg. Melodiane heng på det kjende temaet hans med l'amour moderne on the rocks. Songane er gjennomgåande solide, sjølv om 'Kiss & Tell' og 'Seven Deadly Sins' stikk seg ut.»[8]

Anthony DeCurtis skreiv for Rolling Stone at «Bête Noire er eit nytt steg for Ferry bort frå distinkte songar og inn i atmosfære og kjensle. Strategien fungerer stundom særs bra, som Ferry beviste på overgangsalbumet Avalon av Roxy Music. Men når røysta hans søkk djupare ned i dei mørke laga i musikken hans, når tekstane hans vert redusert til ein morse-kode av raffinert fortviling og emna trekk seg ned i tåka, verkar Ferry i aukande grad som Narkissos, hugteken av sin eigen refleksjon i dammen - og den botnlaus djupna nedanfor.»[13] Mark Coleman skreiv i Rolling Stone Album Guide at «Bête Noire kunne hatt bruk for ein solid melodi. Like lågmælt og stemningsfullt som alltid, går den djupt stemningsfulle røysta til Ferry likevel tapt blant dei store og antiseptiske musikalske krusedullane frå den digitale innspelingsæraen. Bête Noire er deprimerande smakfull og ein avdempa, toppmoderne bakgrunn.»[14] Ira Robbins i Trouser Press skreiv «Den like kontrollerte Bête Noire stadfestar at Ferry forpliktar seg til ufarleg raffinement. Den fantastiske røysta er den einaste ressursen hans. Det han syng om er alt anna enn relevant. Med den sterkare melodiske utviklinga på denne plata og eit breiare utval av dansbare tempo enn på Boys and Girls er påtakelege teikn på liv. Involveringa til den tidlegare Smiths-gitaristen Johnny Marr, som spelar og er medlåtskrivar på ein nesten spanande song ('The Right Stuff') er eit anna positivt touch. Til slutt, med reduserte forventingar, er 'Limbo', 'Kiss and Tell' og 'Day for Night' kjølig innbydande og forholdsvis lette å like.»[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry og Patrick Leonard, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Limbo» 5:00
2.«Kiss and Tell»Ferry4:57
3.«New Town»Ferry4:50
4.«Day for Night» 5:35
5.«Zamba» 3:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«The Right Stuff»Ferry, Johnny Marr4:25
7.«Seven Deadly Sins»Ferry, Chester Kamen, Guy Pratt5:10
8.«The Name of the Game» 5:28
9.«Bête Noire» 4:53
Total lengd:43:18
Bonusspor (Autralsk/newzealandsk turnéutgåve)
Nr.TittelLengd
10.«The Right Stuff (12" Mix)»6:31
11.«Kiss and Tell (Dance Mix)»7:08
12.«Limbo (Latin Mix)»6:39
13.«Bête Noire (Instrumental)»4:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Bryan Ferry – solovokal, klaverinstrument, akustisk piano


Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Alle songar produserte av Bryan Ferry og Patrick Leonard, utanom «Kiss and Tell», «New Town», «The Right Stuff» og «Seven Deadly Sins» av Bryan Ferry, Patrick Leonard og Chester Kamen.
  • Lydteknikarar – Ian Eales, Steve Jackson og Kevin Killen.
  • Miksa av Bruce Lampcov og Alan Meyerson
  • Mastering av Bob Ludwig i Masterdisk (New York, NY).

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
Australian (Kent Music Report) 20[16]
UK Album Charts 9
Billboard-lista 63
Swiss Hitparade 21
Tyskland Media Control 21
Nederland MegaCharts 15
Sverigetopplistan 6
Norske VG-lista 10
RIANZ 11
Kanadiske RPM Top Albums 23

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1987 «The Right Stuff» UK Singles Chart 37
1988 «Kiss and Tell» UK Singles Chart 41
1988 «Kiss and Tell» US Billboard 100 31
1988 «Limbo» UK Singles Chart 86

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryan Ferry, henta 23. juli 2021 
  2. STUART LENIG -The Twisted Tale of Glam Rock – Page 88 2010 «The music was very programmatic, with images of southern sambas in »Limbo,« seaside tales in »Windswept,« and hidden ...»
  3. Digital Audio og Compact disc Review – Volume 4, Issues 7–12 – Page 87 1988 «Bryan Ferry: Bete Noire ... »Limbo« kicks off this danceable recording in a Caribbean groove, »
  4. Keyboard – Volume 14 -1988 Page 106 «In Bryan Ferry's »Limbo,« from Bete Noire, there are saksofon section parts that sound like they're from a 78 record og in the beginning there are weird sounds like bird calls and swamp animals ...»
  5. Kiss And Tell by Bryan Ferry, henta 23. juli 2021 
  6. History, henta 23. juli 2021 
  7. «Songfacts: Kiss And Tell by Bryan Ferry». Songfacts. Henta 23. juli 2021. 
  8. 8,0 8,1 8,2 The Bryan Ferry & Roxy Music Album By Album Thread, henta 23. juli 2021 
  9. Whitburn, Joel (1993). Top Pop Albums : 1955-1992. Record Research, inc. s. 244. ISBN 0-89820-093-8. 
  10. Tours, henta 23. juli 2021 
  11. Bete Noire, henta 23. juli 2021 
  12. Bryan Ferry, henta 23. juli 2021 
  13. Quoted in Buckley, David. The Thrill of It All: The Story of Bryan Ferry & Roxy Music. 2004. pg 382
  14. DeCurtis, Anthony. «Bryan Ferry». Rolling Stone Album Guide. 1992. s. 243-244
  15. http://trouserpress.com/entry.php?a=bryan_ferry
  16. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 111. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]