The Jazz Age av The Bryan Ferry Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Jazz Age
Studioalbum av The Bryan Ferry Orchestra
Utgjeve 26. november 2012
Innspelt 2012
Studio Studio One, Olympia, London
Sjanger Orkester jazz, retroswing, trad jazz
Lengd 37:46
Selskap BMG Rights Management
Produsent Bryan Ferry, Rhett Davies
Bryan Ferry-kronologi
Olympia
(2010)
The Jazz Age Avonmore
(2014)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Impact3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg
[2]

The Jazz Age er det fjortande studioalbumet til Bryan Ferry, gjeve ut under namnet The Bryan Ferry Orchestra. Albumet består av nyinnspelingar av Ferry og Roxy Music sine songar i 1920-tals jazzstil. Dei 13 songane vart valt ut frå 11 album, frå og med Roxy Music (1972) til det forrige studioalbumet hans, Olympia (2010). Albumet vart produsert av Ferry og Rhett Davies i lag med, med arrangement av Colin Good. Det kom ut 26. november 2012 i ei 10" vinyl folio-utgåve og på 12"-vinyl, CD og digitalt på BMG Rights Management.[1][3]

Plateomslaget for The Jazz Age består av illustrasjonar av den kjende franske plakatkunstnaren Paul Colin (1892–1985).[4]

Ferry sjølv spelar ikkje på albumet, som hovudsakleg er instrumentalt. Ferry snakka om inspirasjonen bak nytolkingane i Clash: «Eg har på eit vis gått attende til musikken eg likte å lytte til då eg var ung gut, ni eller ti år gammal - eg var verkeleg ganske moden for alderen.»[5]

Albumet nådde 50. plassen på UK Albums Chart, som var den lågaste plasseringa i karrieren til Ferry.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Do The Strand» 2:10
2.«Love Is the Drug»Ferry, Andy Mackay3:14
3.«Don’t Stop The Dance»Ferry, Rhett Davies2:51
4.«Just Like You» 3:24
5.«Avalon» 2:23
6.«The Bogus Man» 2:07
7.«Slave to Love» 2:38
8.«This Is Tomorrow» 2:27
9.«The Only Face» 2:57
10.«I Thought»Ferry, Brian Eno2:36
11.«Reason Or Rhyme» 4:15
12.«Virginia Plain» 2:14
13.«This Island Earth» 4:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Bryan Ferry - bandleiar, komponist, produsent
  • Martin Wheatley - gitar, banjo
  • Chris Laurence - kontrabass
  • Colin Good - piano, arrangement
  • John Sutton - trommer
  • Frank Ricotti - perkusjon
  • Robert Fowler - tenorsaksofon, klarinett
  • Alan Barnes - barytonsaksofon, klarinett
  • Richard White - bass-saksofon, bassklarinett
  • Katy Cox - cello
  • Enrico Tomasso - trompet, kornett
  • Malcolm Earle Smith - trombone
  • Emma Parker, Victoria Sutherland - fiolin
  • Emma Owens, Sarah Chapman - bratsj

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]