Windswept

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Windswept
Singel av Bryan Ferry
frå albumet Boys and Girls
Utgjeve 1985
Sjanger Kunstrock
Lengd 4:31
Selskap E.G.
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry
Produsent Bryan Ferry, Rhett Davies
Bryan Ferry-kronologi
«Don't Stop the Dance»
(1985)
Windswept «Is Your Love Strong Enough?»
(1986)


«Windswept» er ein song framført av Bryan Ferry, solovokalist i Roxy Music. Songen var den tredje og siste singelen frå albumet Boys and Girls, utgjeven i 1985. I motsetnad til dei tidlegare singlane frå albumet, nådde han ikkje topp 40 på den britiske singellista.[1]

David Gilmour, på den tida gitarist i Pink Floyd, speler på songen. Ein instrumental versjon av songen er gjeven ut som B-side til singelen «Is Your Love Strong Enough?» frå Ridley Scott-filmen Legend.

Den britiske versjonen av singelen har fire spor, og dei tre B-sidene er alle unytta opptak frå innspelinga av albumet The Bride Stripped Bare. Desse er det originale sporet «Broken Wings» og coverversjonane av «Crazy Love» (av Van Morrison) og «Feel the Need» (av Detroit Emeralds).

Den franske modellen Laurence Treil er med i musikkvideoen, som vart regissert av Derek Jarman.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Singlar
År Singel Liste Plassering
1985 «Windswept» Irish Singles Chart 29
UK Singles Chart 46

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bryan Ferry – Windswept». Discogs. Henta 23. juli 2021.