Bjarne Instanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarne Instanes
Fødd 2. juni 1925
Død

26. juni 2012

Yrke bygningsingeniør

Bjarne Instanes (fødd 2. juni 1925 på Grimo i Ullensvang, død 26. juni 2012 i Fana i Bergen) var ein norsk sivilingeniør.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Etter vanleg skulegang i Ullensvang, gjekk Bjarne Instanes på Framnes folkehøgskuleVikøy og deretter Voss landsgymnas før han vart ein av 150 norske ungdommar som fekk gratis studieplass i Sveits. Her blei han verande i tre år etter at han var blitt ferdig med utdanninga som sivilingeniør før han kom heim for å gjera militærtenesta som planleggjande ingeniør i Forsvaret i 1953.

I 1954 starta han som rådgjevar i firmaet Caspar Trumpy. Her fekk han ansvar for å teikna, berekna og kontrollera bygginga av Puddefjordsbrua. I 1960 starta han sitt eige rådgjevande ingeniørfirma som etter kvart voks til 70 tilsette. Det var Instanes som prosjekterte Ulriksbanen og Hangursbanen, Sør-Norge AluminiumHusnes og ei lang rekkje andre prosjekt i Noreg og på Svalbard. I utlandet stod han bak brubygging i Malawi, bistand til fiskerinæringa i Gambia, flyplassbygging i Saudi-Arabia, UNICEF-oppdrag i Libanon, fiskeriprosjekt i Tanzania og planlegging av kolkaiar og eksport av ris i Vietnam. Han hadde også oppdraget med å byggja ein ny permanent forskingsstasjon for Norsk PolarinstituttDronning Mauds LandSørpolen.

Bjarne Instanes var sterkt engasjert i utforminga av området rundt Fana kyrkje, som blei kåra til tusenårsplass for Bergen kommune. Han var også ein habil hardingfelespelar og bygde sjølv fleire hardingfeler i tillegg til å samla på feler. Ei av felene hans fekk sølvmedalje under LandskappleikenTrysil i 1989. Instanes var også ein sterk pådrivar for å få skipa Ole Bull-akademietVoss.

I 2006 fekk han Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]