Blind Faith av Blind Faith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blind Faith
Studioalbum av Blind Faith
Utgjeve August 1969
Innspelt 20. februar–24. juni 1969
Studio Olympic Studios & Morgan Studios i London
Sjanger Bluesrock
Lengd 42:12
Selskap Polydor
Produsent Jimmy Miller
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone(positiv)[2]
The Village VoiceB[3]

Blind Faith er det einaste albumet til den britiske supergruppa Blind Faith, som bestod av Eric Clapton (The Yardbirds, Cream), Ginger Baker (Graham Bond Organisation, Cream), Steve Winwood (Spencer Davis Group, Traffic) og Ric Grech (Family).

Bandet og debutalbumet fekk mykje omtale, og då det kom ut toppa det listene i både USA, Storbritannia og Canada. I tillegg publiserte Rolling Stone tre meldingar av albumet i september-utgåva av magasinet i 1969, skriven av Ed Leimbacher, Lester Bangs og John Morthland.

Dei byrja på songane tidleg i 1969, og i februar og mars var bandet i London ved Morgan Studios, og førebudde innspelinga av albumet. Dei første, nesten ferdige songane dukka først opp då dei var i Olympic Studios i april og mai, med Jimmy Miller som produsent. Musikkmiljøet var alt klar over samanhengen, trass i at Clapton hevda at han berre laga eit soloalbum der Winwood skulle spele. Rockepressa kjøpte derimot ikkje dette og visste at Baker var involvert i tillegg.

Innspelinga av albumet vart avbroten av ein turne i Skandinavia, så ein turne i USA frå 11. juli til 24. august, støtta av Free, Taste og Delaney & Bonnie and Friends. Sjølv om albumet nådde toppen av listene, vart det spelt inn i all hast og side to inneheldt berre to songar, mellom anna den 15 minuttar lange «Do What You Like». Likevel klarte bandet å produsere to klassiske hittar, Winwood sin «Can't Find My Way Home» og Clapton sin «Presence of the Lord».

Ei utvida utgåve av albumet kom ut i 2001 med bonuspor av songar og jammar som ikkje tidlegare var gjevne ut. To konsertopptak frå Hyde Park-konserten, «Sleeping In The Ground» av Sam Myers og Rolling Stones-songen «Under My Thumb» finst òg på Winwood-samlinga The Finer Things.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Utgjevinga skapte kontroversar, fordi plateomslaget synte bilete av ei topplaus pre-pubertal jente, som held eit modellfly i hendene, som enkelte såg på som eit fallossymbol.[4][5] Det amerikanske plateselskapet gav ut albumet med eit alternativ omslag (eit bilete av bandet).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Had to Cry Today»  Steve Winwood 8:48
2. «Can't Find My Way Home»  Winwood 3:16
3. «Well All Right»  Norman Petty, Buddy Holly, Jerry Allison, Joe B. Mauldin 4:27
4. «Presence of the Lord»  Eric Clapton 4:50
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «Sea of Joy»  Winwood 5:22
6. «Do What You Like»  Ginger Baker 15:20

Deluxe-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Had to Cry Today»  Steve Winwood 8:48
2. «Can't Find My Way Home»  Steve Winwood 3:16
3. «Well All Right»  Petty, Holly, Allison, Mauldin 4:27
4. «Presence of the Lord»  Eric Clapton 4:50
5. «Sea of Joy»  Steve Winwood 5:22
6. «Do What You Like»  Ginger Baker 15:18
7. «Sleeping in the Ground»  Sam Myers 2:49
8. «Can't Find My Way Home» (elektrisk versjon)  5:40
9. «Acoustic Jam»    15:50
10. «Time Winds»    3:15
11. «Sleeping in the Ground» (Slow Blues Version)  4:44
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Jam nr.1: Very Long & Good Jam»   14:01
2. «Jam nr.2: Slow Jam 1»   15:06
3. «Jam nr.3: Change of Address Jam»   12:06
4. «Jam nr.4: Slow Jam 2»   16:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande på disk to på deluxe-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969–2015) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[6] 2
Kanadiske Top Albums/CDs (RPM)[7] 1
Kroatiske utanlandske album (IFPI)[8] 25
Den danske albumlista (Hitlisten)[9] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[10] 1
Den franske albumlista (IFOP)[11] 4
Tyske album (Media Control)[12] 5
Irish Albums (IRMA)[13] 88
Den japanske albumlista (Oricon)[14] 293
Norske album (VG-lista)[15] 1
Den spanske albumlista (PROMUSICAE)[16] 49
Britiske album (OCC)[17] 1
US Billboard 200[18] 1
US Top R&B Albums (Billboard)[19] 40

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Den tyske albumlista (Offizielle Top 100)[20] 53
Den norske albumlista (VG-lista)[21] 20
UK Albums (OCC)[22] 35

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[23] 3× Platina 210 000^
Canada (Music Canada)[24] Platina 100 000^
Croatia (HDU)[25] Gull 7,500*
Macao (IFPI Macao)[26] Gull 15,000*
Nederland (NVPI)[27] Platina 100 000^
Noreg(IFPI Noreg)[28] Platina 50 000*
Spania(PROMUSICAE)[16] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[29] Gull 100 000^
USA (RIAA)[30] Platina 1 000 000^
Oppsummering
Worldwide (IFPI) 8,000,000[31]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blind Faith – Blind Faith | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 16. juni 2018. 
  2. Leimbacher, Ed (6. september 1969). «Blind Faith». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers) (41): 27–28. 
  3. Christgau, Robert (14. august 1969). «Consumer Guide (3)». The Village Voice. Henta 16. juni 2018. 
  4. Doggett, Peter (2008). There's a Riot Going On: Revolutionaries, Rock Stars, and the Rise and Fall of the '60s. Canongate. s. 280–281. ISBN 1847671802. 
  5. Larkin, Colin (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music. Guinness. s. 268. ISBN 0851129390. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.  Note: This reference gives Australian albums and singles information. It is used for chart peak positions as early materials were released before ARIA regulated the Australian charts itself (1989).
  7. «Top Albums/CDs – Volume 12, No. 10». RPM Magazine. Library and Archives Canada. 25. oktober 1969. Henta 16. juni 2018. 
  8. "Top Stranih [Top Foreign]" (På kroatisk). Top Foreign Albums. Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 16. juni 2018.
  9. «Blind Faith». Hitlisten (på dansk). Danskehitlister.dk. Henta 16. juni 2018. 
  10. "Blind Faith – Blind Faith". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
  11. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste». Institut français d'opinion publique (på fransk). InfoDisc.fr. Arkivert frå originalen 7. november 2011. Henta 16. juni 2018.  Note: Select «BLIND FAITH», then press «OK» to see selected charting positions.
  12. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 16. juni 2018.
  13. See the Irish Chart Tread 2005 for Reference at UKMIX.org. Henta 16. juni 2018.
  14. «ブラインド・フェイスの売上ランキング | ORICON STYLE» (på japansk). Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 2015-08-29. . Henta 16. juni 2018.
  15. "Blind Faith – Blind Faith". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
  16. 16,0 16,1 «LISTAS DE AFYVE: 1992 Albumes (1ª parte)» (på spansk). Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 2015-08-29. . Henta 16. juni 2018. Note: Search for Spanish album versions only to see the charting positions and selected certification awards.
  17. "Blind Faith | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 16. juni 2018.
  18. «Blind Faith – Blind Faith | Awards | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. juni 2018. 
  19. «Blind Faith | Awards | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. juni 2018. 
  20. «Alben 1969 Deutschland | Album-Charts | Top 100 Auswertung». GfK Entertainment (på tysk). Chartsurfer.de. Henta 16. juni 2018. 
  21. «Alben 1969 Norwegen | Album-Charts | Top 40 Auswertung». GfK Entertainment (på tysk). Chartsurfer.de. Henta 16. juni 2018. 
  22. «Alben 1969 UK | Album-Charts | Top 75 Auswertung». GfK Entertainment (på tysk). Chartsurfer.de. Henta 16. juni 2018. 
  23. «Australian Fun Countdowns: Accreditation Awards». Australian Recording Industry Association. Australian Fun Countdowns. Henta 16. juni 2018. 
  24. «Blind Faith – Canadian Music Blog». Music Canada (MC) (Canadian Music Blog). Henta 16. juni 2018. 
  25. «Tots Vijest». Hrvatska Diskografska Udruga (på kroatisk). hdu-toplista.com. Henta 16. juni 2018. 
  26. Macao Music Sales (2001–2009). Record Sales. Henta 8. februar 2015. (Former link: recordsales.2xik.com/The-first-blog-b1/Macao-Music-Sales-2001-2009-b1-p1.htm).
  27. Van Dijk, Daan (6. oktober 1969). «Nieuwe groep Eric Clapton is zeer succesvol» [Eric Clapton's new band is very successful]. De Telegraaf (på nederlandsk) (Amsterdam: Telegraaf Media Groep). 
  28. H., Marit (6. oktober 1969). «Nordmenn har blind tro». Dagbladet (på norsk) (Havnelageret: Venstre). 
  29. See BPI Certifications list on UKMIX.org for reference. Henta 16. juni 2018.
  30. «American album salstrofé – Blind Faith – Blind Faith». Recording Industry Association of America. Henta 16. juni 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  31. Eder, Bruce (2007). «Rovi Corporation». MTV Biographies – Blind Faith. United States: MTV Books. s. 2.