Blow by Blow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blow by Blow
Studioalbum av Jeff Beck
Utgjeve 29. mars 1975[1]
Innspelt Oktober 1974
Studio AIR Studios i London
Sjanger Jazz fusion, instrumental rock
Lengd 44:40
Selskap Epic
Produsent George Martin
Jeff Beck-kronologi
Live in Japan
(1973)
Blow by Blow Wired
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Robert Christgau(B−)[3]
PopMatters(positiv)[4]
Rolling Stone(miksa)[5]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]

Blow by Blow er det første soloalbumet til den britiske gitaristen Jeff Beck, gjeve ut på Epic Records i 1975, og spelt inn i oktober 1974. Det var eit instrumentalt album som nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og selde til platinaalbum.

Bakgrunn og innhald[endre | endre wikiteksten]

Etter oppløysinga av powertrioen Beck, Bogert & Appice (BBA) våren 1974, brukte Beck tid som studiomusikar for andre artistar. I desember gjorde han ei halvhjarta prøvespeling for The Rolling Stones, der han jamma på bluessongar med bandet ein heil dag, før dei forstod at dei musikalske stilane deira ikkje passa i lag.[1]

På denne tida bestemte Beck seg for å spele inn eit heilt instrumentalt album, og henta inn att klaverspelaren Max Middleton som han hadde spelt med i Jeff Beck Group. Han leigde George Martin til å produsere albumet etter å ha høyrt kva han gjorde med Mahavishnu Orchestra.[1] I følgje Carmine Appice, som spelte med Beck i BBA, var han involvert i å skrive og spele inn Blow By Blow, men at partia hans vart redigert bort etter ein krangel med manageren til Beck.[7][8] Den fjerde viktige bidragsytaren til Blow by Blow etter Beck, Middleton og Martin, var Stevie Wonder, som gav Beck songane «Cause We've Ended As Lovers» og «Thelonius», med Wonder på clavinet på sistnemnde utan å vere nemnt på plateomslaget.[9] Den førstnemnde songen kom ut på Wonder-albumet Stevie Wonder Presents: Syreeta, skriven for den dåverande kona Syreeta Wright, medan Wonder sjølv aldri spelte inn «Thelonius». Ein coverversjon av Beatles-songen «She's a Woman» vart valt ut i tillegg til ein komposisjon av Bernie Holland frå gruppa Hummingbird, som bestod av musikarar som hadde spelt i Jeff Beck Group. Dei andre fem spora var originale innspelingar med Beck og Middleton som dei fremste låtskrivarane. Det siste sporet på kvar side inneheldt strykearrangement av Martin. Beck dediserte «Cause We've Ended As Lovers» til gitaristen Roy Buchanan.[10]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut 29. mars 1975. Det vart ein hit i USA og nådde fjerdeplassen på Billboard-lista, og selde til slutt over ein million eksemplar. Det var den høgaste plasseringa Beck klarte på albumlista.[1][9]

Den 27. mars 2001 kom det ut ei nymastra CD-utgåve på Legacy Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «You Know What I Mean»   4:05
2. «She's a Woman»   4:31
3. «Constipated Duck»   2:48
4. «Air Blower»   5:10
5. «Scatterbrain»   5:40

Side to[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Cause We've Ended as Lovers»   5:42
2. «Thelonius»   3:16
3. «Freeway Jam»   4:58
4. «Diamond Dust»   8:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jeff Beck – elektriske gitarar, bass
  • Max Middleton – klaverinstrument
  • Phil Chen – bass
  • Richard Bailey – trommer, perkusjon

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Story of The Story of Jeff Beck’s Only Top 10 Album, «Blow by Blow»». Ultimate Classic Rock. Henta 6. juli 2018. 
  2. Kirschenmann, Mark. Blow by BlowAllmusic. Henta 29. oktober 2005.
  3. Christgau, Robert. «Jeff Beck > Consumer Guide Reviews». Robert Christgau. Henta 3. november 2011. 
  4. Warner, Simon (26. mars 2001). «Jeff Beck: Blow by Blow / Wired > Album Reviews». PopMatters. Henta 3. november 2011. 
  5. Marsh, Dave (5. juni 1975). «Jeff Beck Blow by Blow > Album Review». Rolling Stone (188). Arkivert frå originalen den 2. oktober 2007. Henta 22. juli 2007. 
  6. Jeff Beck: Album Guide at Rolling Stone
  7. thodoris (8. september 2014). «Interview:Carmine Appice (Cactus,Vanilla Fudge,Beck Bogert & Appice) – Hit Channel». Hit-Channel.com. Henta 6. juli 2018. 
  8. «Interview with CARMINE APPICE». DMME.net. Henta 6. juli 2018. 
  9. 9,0 9,1 «Jeff Beck’s Blow By Blow Turns 40». Gibson (official website). 29. mars 2015. Henta 6. juli 2018. 
  10. Matt Blackett. «Pure Genius: Guitar's Magnificent Rebel Puts a Twist on Techno.» Guitar Player, 2000. desember pp. 98–106.