Beck, Bogert & Appice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beck, Bogert & Appice
Fil:Beck, Bogert & Appice.jpg
Aktiv1972–1974
SjangerBluesrock, hardrock, heavy metal
Tilknytte artistarVanilla Fudge, Cactus, The Jeff Beck Group, Boxer
PlateselskapEpic
Tidlegare medlemmerJeff Beck
Tim Bogert
Carmine Appice
Bobby Tench
Kim Milford

Beck, Bogert & Appice var ei hardrockgruppe, ei supergruppe og powertrio som bestod av gitaristen Jeff Beck bassisten Tim Bogert og trommeslagaren Carmine Appice, som begge tidlegare hadde spelt i Vanilla Fudge og Cactus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beck hadde ønskt å arbeide med Tim Bogert og Carmine Appice etter å ha møtte dei to i 1967. Dei snakka om å skipe eit band i lag alt i juli 1969.[1] Men 12. november 1969 hamna Beck i ei bilulukke og planane vart sett på vent. Då Beck var frisk att var Appice og Bogert opptekne med bandet Cactus og Jeff Beck skipa ei ny Jeff Beck Group.[1] Då dette bandet vart oppløyst i juli 1972 vart bandet med Appice og Bogert ein realitet att. Den første konserten deira, den 1. august 1972 på Stanley Theater i Pittsburgh, vart framført som Jeff Beck Group. Då turneen var over skipa Beck powertrioen Beck, Bogert & Appice.

Dei byrja på innspelinga av debutalbumet sitt, Beck, Bogert & Appice, den 11. desember 1972 i Chess Studios, med produsenten Don Nix. På nyåret spelte dei inn meir musikk i The Village i Los Angeles. Albumet kom ut 26. mars 1973 i USA og 6. april i Storbritannia. Det nådde 12. plassen på den amerikanske albumlista og 28. plassen på albumlista i Storbritannia.[2]

Bandet la ut på turné i Storbritannia i februar 1973 og spelte på eit fransk TV-show same månaden[3] føre 2000 fans. Den 28. mars 1973 la dei ut på turné i USA, der Beck spelte på talkbox for første gongen og drog til Japan i mai.[4] Sommaren 1973 spelte dei i Europa og USA. Den amerikanske delen av turneen starta 11. juli 1973, men enda brått 17. juli då Beck slutta.[5]

Live in Japan[6] kom ut 21. oktober 1973 frå den japanske delen av turneen deira. Den 21. november 1973 reiste bandet til Frankrike og byrja ein ny, europeisk turné som Beck, Bogert & Appice. Turnen fortsette i Storbritannia på nyåret og enda 29. februar i Caley Picture House i Edinburgh.[7]

Den 26. januar 1974 spelte bandet på Rainbow Theatre. Denne konserten vart send på det amerikanske radioshowet Rock Around the World i september 1974. Dette var den siste innspelinga av bandet og synte songar som var meint for det andre studioalbumet deira. Dette kom sidan ut på piratkopiplata At Last Rainbow. Ein medley som kombinerte «You Shook Me» og «BBA Boogie» vart sidan gjeven ut på Jeff Beck-samlinga Beckology(1991).[8] Bandet starta innspelinga av eit andre studioalbum i januar 1974. Innan mai 1974 var bandet oppløyst på grunn av usemje mellom bandmedlemmane og det vart aldri noko av det andre albumet.[9]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Vokalista[endre | endre wikiteksten]

  • Bobby Tench på 13 konsertar, då dei spelte som Jeff Beck Group.[10]
  • Kim Milford på seks konsertar i august 1972 då dei spelte som Jeff Beck Group.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Black Cat Moan» / «Livin' Alone» Epic EPC 1255 (UK 16. februar 1972)
  • «I'm So Proud» / «Oh to Love You» Epic 10998 (US 28. mai 1973)
  • «Lady» / «Oh to Love You» Epic 11027 (US 16. juli 1973)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hjort and Hinman. Jeff's book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980. s. 106. 
  2. Hjort and Hinman. Jeff's book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980. s. 132 and 136. 
  3. Les Deux vart sendt av ORTF TV
  4. Hjort and Hinman. Jeff's book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980. s. 140–141. 
  5. Hjort and Hinman. Jeff's book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980. s. 143 and 144. 
  6. Stephen Thomas Erlewine. «Review of Live (in Japan)». allmusic.com. Henta 5. juli 2018. 
  7. Hjort and Hinman. Jeff's book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980. s. 146 and 147–148. 
  8. Bruce Eder. «Beckology». Allmusic.com. Henta 5. juli 2018. 
  9. Hjort and Hinman. Jeff's book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980. s. 149 and 151. 
  10. Hjort and Hinman. Jeff's book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980. s. 123,124.