Wired av Jeff Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wired
Studioalbum av Jeff Beck
Utgjeve Mai 1976
Studio AIR Studios, London
Sjanger Jazzfusion, instrumental rock
Lengd 37:21
Selskap Epic
Produsent George Martin, Chris Bond, Jan Hammer
Jeff Beck-kronologi
Blow by Blow
(1975)
Wired Jeff Beck with the Jan Hammer Group Live
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Robert Christgau(B−)[2]
PopMatters(positiv)[3]
Rolling Stone(positiv)[4]

Wired er eit soloalbum av den britiske gitaristen Jeff Beck, gjeve ut på Epic Records i 1976. Det er eit instrumentalt album og nådde 16. plassen på Billboard 200. Albumet har selt til platinaalbum i USA.

Bakgrunn og innhald[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med det førre albumet, Blow by Blow i 1975, tok Beck med to av dei viktigaste bidragsytarane frå det albumet for oppfølgjaren, klaverspelaren Max Middleton og produsenten George Martin. Beck hadde òg byrja eit musikalsk samarbeid med den tidlegare klaverspelaren i Mahavishnu Orchestra, Jan Hammer og trommeslagaren Narada Michael Walden. Beck turnerte med Jan Hammer Group etter desse innspelingane. Resultatet av samspelet mellom Beck og Hammer vart ein meir «syntetisk» lyd enn den som var på Blow by Blow. Dette synte òg albumtittelen til.

Sjølv om bandet frå det førre albumet spelar på somme spor, er fire originale songar av Walden og ein av Hammer. Middleton medverka med ein hyllest til Led Zeppelin, «Led Boots,» og Beck valte å tolke Charles Mingus-oden til saksofonisten Lester Young, «Goodbye Pork Pie Hat». Desse to har lenge blitt spelt på konsertane til Beck.

Den 27. mars 2001 kom ei nymastra CD-utgåve ut på Legacy Records.

Wired fekk stort sett positive meldingar då det kom ut. Albumet nådde 16. plassen på Billboard 200 i august 1976, og låg i alt 25 veker inne på lista.[5] I Storbritannia låg det fem veker på lista og nådde 35. plassen.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Led Boots»  Max Middleton 4:03
2. «Come Dancing»  Narada Michael Walden 5:55
3. «Goodbye Pork Pie Hat»  Charles Mingus 5:31
4. «Head for Backstage Pass»  Wilbur Bascomb, Andy Clark 2:43
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Blue Wind»  Jan Hammer 5:54
2. «Sophie»  Narada Michael Walden 6:31
3. «Play with Me»  Narada Michael Walden 4:10
4. «Love Is Green»  Narada Michael Walden 2:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kirschenmann, Mark. Wired av Jeff BeckAllmusic. Henta 22. juli 2005.
  2. Christgau, Robert. «Jeff Beck > Consumer Guide Reviews». Robert Christgau. Henta 3. november 2011. 
  3. Warner, Simon (26. mars 2001). «Jeff Beck: Blow by Blow / Wired > Album Reviews». PopMatters. Henta 3. november 2011. 
  4. Swenson, John (29. juli 1976). «Jeff Beck Wired > Album Review». Rolling Stone (218). Arkivert frå originalen den 2. oktober 2007. Henta 22. juli 2007. 
  5. «Jeff Beck Wired Chart History». Henta 6. juli 2018. 
  6. «JEFF BECK - full Official Chart History - Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 6. juli 2018.