Ilías Kozás

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ilías Kozás
Ilias Kozas, ESC2013 press conference 01.jpg
Fødd17. oktober 1984
FødestadThessaloníki i Hellas
InstrumentVokal
Tilknytte artistarKoza Mostra
Verka somSongar og låtskrivar

Ilías Kozás (gresk Ηλίας Κόζας) (fødd 17. oktober 1984 i Thessaloníki) er ein gresk songar og låtskrivar. Han er vokalist i gruppa Koza Mostra.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

EUROSONG 2013 - a MAD show[endre | endre wikiteksten]

Som ein del av gruppa Koza Mostra deltok Kozás i EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Gruppa deltok saman med Agáthonas Iakovídi under aliaset Koza Mostra feat. Agáthonas Iakovídi og framførde «Alcohol Is Free» på gresk og engelsk, ein song som er skriven av Státhis Pakhídis. Bidraget vann over dei tre andre bidraga med 36,72 prosent av røystene.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i EUROSONG 2013 - a MAD show vart det klårt at «Alcohol Is Free» ville vere det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2013. Hellas vart trekt ut til å delta i den andre semifinalen som fann stad 16. mai 2013 i Malmö Arena. Landet enda på andreplass med 121 poeng; tolv frå San Marino, ti frå Bulgaria, Albania og Romania, åtte frå Armenia og Tyskland, sju frå Aserbajdsjan, Finland, Malta og Noreg, seks frå Makedonia, Israel og Sveits, fem frå Latvia og Spania, tre frå Ungarn og to frå Island og Georgia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på andreplass med ei rangering på 5,00 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med ei rangering på 5,55. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Hellas kvalifiserte seg til finalen der dei enda på sjetteplass med 152 poeng; tolv frå Kypros og San Marino, ti frå Russland og Albania, åtte frå Armenia, Storbritannia, Montenegro og Sveits, sju frå Romania, Italia, Austerrike og Bulgaria, seks frå Kviterussland, Tyskland og Danmark, fem frå Noreg og Kroatia, fire frå Malta, Aserbajdsjan og Makedonia, to frå Belgia og Israel og eitt frå Finland, Nederland, Ungarn og Latvia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fjerdeplass med ei rangering på 6,00 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 14. plass med ei rangering på 12,28.[1]

EUROSONG 2014 - a MAD show[endre | endre wikiteksten]

Kozás vil delta i EUROSONG 2014 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Han har skrive songen «Kanénas den me stamatá», som vil verte framførd på gresk av Konstantínos Martákis under aliaset Kóstas Martákis.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (engelsk). Henta 6. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Deltakarar i EUROSONG 2013 - a MAD show

Mal:Greske deltakarar i Eurovision Song Contest Mal:Låtskrivarar i EUROSONG 2014 - a MAD show