Emil Ramsauer
Emil Ramsauer | |
Fødenamn | Emil Ramsauer |
---|---|
Instrument | Kontrabass og gitar |
Tilknytte artistar | Heilsarmee |
Verka som | musikar |
Emil Ramsauer er ein sveitsisk frelsesarmesoldat og kontrabassist og gitarist i musikkgruppa Heilsarmee.
Die grosse Entscheidungsshow[endre | endre wikiteksten]
15. desember 2012 deltok Heilsarmee i Die grosse Entscheidungsshow med songen «You and Me». Bidraget vann med 37,54 prosent av røystane. Gruppa vart dimed den som skulle representere Sveits i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Ramsauer ville verte den eldste deltakaren i Eurovision Song Contest nokonsinne om gruppa får delta.[1]
17. desember 2012 annonserte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at gruppa måtte endra namn og sceneantrekk for å delta i Eurovision Song Contest av di det ikkje er lov med politiske eller kommersielle bodskap, i dette tilfellet for Frelsesarmeen. Om gruppa ikkje gjorde noko med dette før januar 2013 ville ho verta diskvalifisert.[2]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Frelsesarmesoldaten Emil (94) er tidenes eldste Eurovision-deltaker» (norsk). Dagbladet. 19. desember 2012. Henta 20. desember 2012.
- ↑ Floras, Stella (17. desember 2012). «Swiss Salvation Army name and uniform cannot be used in Malmö» (engelsk). ESCToday. Henta 20. desember 2012.
- «Emil Ramsauer - Heilsarmee Schweiz, Österreich & Ungarn» (tysk). Heilsarmee. Henta 20. desember 2012.