Hannah Mancini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hannah Mancini

Fødd22. januar 1980 (44 år)
FødestadLos Angeles i California i USA
FødenamnHannah Mancini
AliasHannah
OpphavUSA
Aktiv2011–
SjangerHouse
Instrumentvokal
Verka somSongar

Hannah Mancini (fødd 12. mars 1980 i Los Angeles) er ein amerikansk songar.

EMA 2011[endre | endre wikiteksten]

Saman med Sylvain og Mike Vale deltok ho i EMA 2011, den slovenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland, med songen «Ti si tisti». I finalen vart to bidrag røysta vidare til ein superfinale der vinnaren vart røysta fram med telefonrøysting.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer åtte, etter «Ladadidej» av April og før «Pravi čas» av Time to Time. Bidraget gjekk ikkje vidare til superfinalen og fekk heller ikkje representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2011.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

1. februar 2013 annonserte Radiotelevizija Slovenija (RTV SLO) at dei hadde vald Mancini som representant for Slovenia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[1] 14. februar vart den engelskspråklege songen «Straight Into Love» presentert på ei pressekonferanse.[2] Songen har ho skrive saman med Gregor Zemljic, Erik Margan og Matija Rodic. Sidan berre Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifisert til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Slovenia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

{{liminn:omsett|en|dato= 17. mars 2013

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hannah to represent Slovenia in Malmö» (på engelsk). Eurovision.tv. 1. februar 2013. Henta 17. mars 2013. 
  2. «Slovenia: Hannah revealed her song for Malmö» (på engelsk). Eurovision.tv. 14. februar 2013. Henta 17. mars 2013.