Anouk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anouk

Fødd8. april 1975
FødestadHaag i Nederland
FødenamnAnouk Teeuwe
AliasAnouk
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv1996–
SjangerPop og rock
Instrumentvokal
PlateselskapEMI
Verka somSongar
Gift medEdwin Jansen, Remon Stotijn, Dominique Schemmekes
PrisarSchaal van Rigter, 3FM Awards, Gouden Harp, Edison, Popprijs

Anouk Teeuwe (fødd 8. april 1975 i Haag), kjend som Anouk, er ein nederlandsk songar.

Anouk er den mest populære rockeartisten i Nederland.[1] Etter å ha vorte oppdaga av vokalisten i gruppa Golden Earring slo ho gjennom som songar i 1997 med singelen «Nobody's Wife». Etter det har Anouk hatt fleire singlar på den nederlandske og belgiske hitlista, mellom anna «R U Kiddin' Me», «Michel», «Girl», «Lost», «One Word», «I Don't Wanna Hurt», «Modern World», «Three Days in a Row» og «Woman». Ho har i tillegg gjeve ut åtte studioalbum.

Anouk vart vald ut til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anouk Bio.». Muziek Centrum Nederland. Henta 17. oktober 2012. 
  2. «Anouk to represent the Netherlands in 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. 17. oktober 2012. Henta 17. oktober 2012.