Birgit Õigemeel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birgit Sarrap
Õigemeel, Birgit.IMG 7827.JPG
Birgit Õigemeel i februar 2013.
Foto: Ave Maria Mõistlik
Fødd24. september 1988 (30 år)
FødestadKohila i Flag of Estonia.svg Estland
OpphavEstland
Aktiv2007 til i dag
SjangerPop
InstrumentVokalist
Stemmetypealt
Verka somVokalist

Birgit Sarrap (fødd Birgit Õigemeel24. september 1988) er ein estisk songar.Ho representerte Estland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö med bidraget «Et uus saaks alguse».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Birgit Õigemeel vart fyrst kjend då ho vann Eesti otsib superstaari, ein estisk variant av Idol i 2007. Dette var fyrste sesongen av Eesti otsib superstaari. Sidan då har Birgit Õigemeel gjeve ut tre album og ei lang rekkje singlar. I 2008 deltok ho i den nasjonale Eurovision-finalen med songen «365 Days» og enda på tredjeplass av ti bidrag. Vinnarsongen dette året vart den komiske «Leto Svet» av Kreisiraadio, som deltok i Eurovision Song Contest 2008 i Beograd. Under Eesti laul 2012 song ho «You're Not Alone» med gruppa Violina, men enda då på sjuaande plass. Vinnaren vart Ott Lepland med «Kuula», som representerte Estland i 2012 i Baku.

I 2013 kom ho til superfinalen i Eesti Laul med balladen «Et uus saaks alguse». Den andre superfinalisten var Grete Paia med «Päästke noored hinged», men «Et uus saaks alguse» fekk såvidt meir enn 50 % av stemmene og vart dermed Estland sitt bidrag i Malmö.[1][2] Songen er skriven av Mihkel Mattisen og Silvia Soro.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Birgit Õigemeel (2008)
  • Ilus aeg (2008)
  • Teineteisel pool (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]