Rasar i The Elder Scrolls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Breton)
Hopp til navigering Hopp til søk

The Elder Scrolls-serien er ein datarollespel-serie med karakterar av mange ulike fantasy-rasar, der spelaren kan spele som ti av desse. Vanlegvis fell rasane innanfor ein av tre grupper; menneskje, alv og beist.

Spelbare rasar[endre | endre wikiteksten]

Det er ti forskjellige rasar som spelaren kan velje mellom i eit The Elder Scrolls-spel: Altmer (Høg alv), Bosmer (Skog alv), Dunmer (Mørk alv), Orsimer (Ork), Breton, Argonian, Khajiit, Nord, Imperial og Redguard. Kvar rase utmerkar seg betre i visse område enn andre, og startar på eit høgare nivå i desse ferdigheitene. Skog alvar startar til dømes med høgare ferdigheitsnivå i bueskyting, medan Argonians startar med høgare låsprikingsnivå.

Mennesklege rasar[endre | endre wikiteksten]

Breton[endre | endre wikiteksten]

Bretons held til i High Rock, der det andre spelet i serien, Daggerfall, tek stad. Dei er ein menneskeleg rase med ei lita mengd opphav frå høg alvane, og har derfor god resistans mot trylleformelar og god forståing for dei magiske kunster. Rasen er tungt basert og påverka av fransk og fransk-kanadisk folk og kultur, med noko keltisk innverknad. Dei har ein tendens til å mangla fysiske ferdigheiter i forhold til Nords, men har stor tilknyting til magi og ender ofte opp med å bli trollmannskrigarar. Dei er generelt kjend for å vera lidenskapelege, eksentriske, poetiske, intelligente, forsettlege og vera ekstraordinære kokkar.

Imperial[endre | endre wikiteksten]

Imperials held til i Cyrodiil, der Oblivion tek stad. Rasen er basert på romerane. Sjølv om dei er mindre fysisk imponerande enn dei andre rasane, er dei smarte diplomatar og store handelsmenn. Dei har på denne måten klart å undertrykka alle dei andre provinsane i Tamriel og fått samla alle under imperiumet sitt.

Imperials var ikkje ein rase ein kunne spela før i Morrowind og spela etter det. Dei er mest kjend for å vera riddarar eller tempelriddarar.

Nord[endre | endre wikiteksten]

Nords held til i Skyrim, som er provinsen der Skyrim tek stad. Dei kjem opphavleg frå det frosne kontinentet Atmora og er kjend for å vera hissige, sterke og entusiastiske kjemparar. Dei er ofte krigarar, soldatar og leigesoldatar over heile Tamriel.

Nords er inspirert av det nordiske folket og kulturen. Dei liknar mykje på skandinavske vikingar, som ein kan sjå i The Elder Scrolls V: Skyrim. Dette kan me sjå på bustader, gjerdar, skip, våpen, namn, viktige karakterar og til og med på sengene i spelet. Nords ser vanlegvis ljose ut i huda, er muskuløse og har langt blondt eller brunt hår som fletta eller bunde. Dei er godt tilpassa kalde miljø og er derfor motstandsdyktige mot is-basert magi. Rustningane deira er laga av skinn, pels, jern eller stål.

Redguard[endre | endre wikiteksten]

Redguards held til i Hammerfell, og er dei mest talentfulle krigarar på Tamriel. Dei tok til deg ein eigen provins gjennom krig etter dei migrerte til Tamriel frå heimlandet sitt, det tapte kontinentet Yokuda. Rasen er basert på afrikanske og arabiske kulturar. Dei er gode leigesoldatar og snikmordarar, har ein effektiv marinestyrke og er kjende for sin hovudplagg og bua sverd. Dei er hardføre, motstandsdyktige mot gift og god uthaldande.

Alverasar[endre | endre wikiteksten]

Altmer[endre | endre wikiteksten]

Cosplay av altmer.

Altmer, også kalla høg alvar, held til på Summerset Isles. Dei er vanlegvis høgare enn dei andre rasane, og har ein gyllengul hudtone og augenfarge. Dei har ein tendens til å være stolte og ser på seg sjølv som den mest siviliserte rasen. Altmer er blant dei mest talentfulle magikarane på Nirn, og overgår sjølv Bretons med sine magiske evner. Mange altmer kan vera arrogante, overlegne og hjertelause.

Bosmer[endre | endre wikiteksten]

Bosmer, også kalla skog alvar, held til i Valenwood. Dei er den kortaste rasen med ein brun til mørk brun hudfarge. Dei er oppsiktsvekkjande tjuvar og bueskyttarar på grunn av sin overlegne smidigheit. Dette kan vera eit resultat av all tida dei brukar på jakt i tett skog. Dei er òg religiøst kjøttetande og kannibalistiske grunna den grøne pakta, som er ein sentral del av Bosmer-tru.

Dunmer[endre | endre wikiteksten]

Dunmer, også kalla mørke alvar, held til i Morrowind, der The Elder Scrolls III: Morrowind tek stad. Dei er ein The Elder Scrolls-variant av mørke alvar, som er ein populær fiktiv rase i rollespel og fantasy-litteratur, sjølv om dei er ganske ulike. Dei er etterkommarar av Chimer, ei gruppe Aldmer som tilbad Daedra. Chimer blei til dei grå/blåhuda og raudauga Dunmer etter at dei blei forbanna av den daedric prinsen Azura.

Dunmer heimlandet Morrowind er svært ugjestmildt, dominert av vulkanen Red Mountain og dekt av oska. Kvar gong Red Mountain får eit utbrot, forårsakar det store øydeleggingar og kaos for innbyggjarane i Morrowind. Morrowind var den siste provinsen som forbaud slaveri i Tamriel.

Orsimer[endre | endre wikiteksten]

Orsimer, eller berre ork, er ein rase som nedstammar frå ei gruppe med Aldmer som tilbad ein gud som heiter Trinimac. Orsimer var dei tidlegare innbyggjarane i provinsen Hammerfell, men mista landet sitt til hærstyrkar med Redguards. Orkar bur no i eit vesle fjellriket kjent som Orsinium. Det riket har blitt brote ned og ombygd fleire gonger, og ligg i nærleiken av Bretons sitt heimland High Rock. Orcs utmerkar seg ved den imponerande og muskuløse kroppen, grøn hud, og stort underbitt. Dei er dei største handverkarane i Tamriel, og utrulege krigarar, kledd i tung rustning.

Beist[endre | endre wikiteksten]

Argonian[endre | endre wikiteksten]

Argonians er ein rase med menneskjeliknande krypdyr konsekvent portrettert gjennom heile The Elder Scrolls-serien som intelligente, raske og smidige, som held til i det baske og sumpete Black Marsh. I spelet plar argonians å ha figurklasser som magikar og tjuv. I Black Marsh finst det levande tre kalla Hist, som blir tilbedd av Argonians og spelar ei viktig rolle i religionen og livssyklusen deira. År med å forsvara heimlandet sitt har gjort dei til meistrar i geriljakrigføring. Dei kan pusta under vatn og er motstandsdyktig mot gift og sjukdomar.

Khajiit[endre | endre wikiteksten]

Khajiit er ein antropomorfisk katteliknande rase som held til i provinsen Elsweyr. Dei likar forandring, rikdom og eventyr. Sjølv om det er mange typar khajiit, er cathay og suthay-raht vanlegast. Kjend for å vera smygande, smidig og gode med sverd, er dei talentfulle tjuvar og mordarar, som fører til at mange har mistru til dei. Dei er òg gode krigarar. Mange Khajiit tek til å selja eit ulovleg narkotisk stoff kalla Skooma, som er laga av Moon Sugar, ein avling som veks i Elsweyr. Dette har gitt Khajiits eit dårleg rykte, og dei vert ofte utstøytt utanfor heimlandet sitt.

Ikkje spelbare og utdøydde rasar[endre | endre wikiteksten]

Aldmer[endre | endre wikiteksten]

Aldmer, også kalla «Dei Fyrste» eller «Det eldste folk», er i The Elder Scrolls-mytologien den fyrste alve-rasen som levde på planeten Nirn. Boka «Before» the Ages of Man i Oblivion er den meste omfattande kjelda til historia deira. Den fortel at rasen opphavleg kjem frå det sitt først til mytiske kontinentet Aldmeris. Dei er etterfylgjarar av Ehlnofey, som igjen er etterkomarane til Aedra. Sjølv om Aldmer ikkje lenger eksisterer som ein eigen rase, lev kulturen deira vidare gjennom heile imperiet, og har danna grunnlag for språk og religion i Tamriel.

Dwemer[endre | endre wikiteksten]

Dwemer, også kalla «Djupe Alvar», er ein utdøydd rase som levde hovudsakleg i regionen Vvardenfell i Morrowind, men òg levde i High Rock, Skyrim, og Hammerfell. Dei vert ofte referert til som «dverg» i vestlege kulturar i speleverda, sjølv om dei ikkje var særleg kortare enn eit menneskje. Dei var ein tilbakedregen, sjølvstendig rase, opptatt av vitskap, alkymi, magi og ingeniørvitskap. Dei er basert på dei oldtidas mesopotamiarar. Dwemers i Morrowind var i konflikt med Chimers før dei slo seg saman for å overvinna Nords. Ein klan av Dwemers nekta å sameina seg med Chimers og klanleiaren deira kasta hammaren sin, Volendrung, over Tamriel, og erklærde at klanen hans skulle busette seg der den landa. Den endte opp i Hammerfell, som då blei opphavet til provisen sitt namn. Resten av Dwemers byrja utgraving av Red Mountain i Morrowind, og fann Heart of Lorkhan. Dwemers brukte gjenstanden til å laga ein ny gud kalla Anumidium, messing-guden. Dette er knytt til den mystiske forsvinninga deira under «the Battle of Red Mountain».

Falmer[endre | endre wikiteksten]

Falmer, også kalla snøalvar, var dei fyrste alve-innbyggjarane i Skyrim, den nordlegaste provinsen kontinentet Tamriel, som blei overvunne og fordrivne av Nords. Dei flykta til Dwemers underjordiske land, med med deira overlegne kunnskap om teknologi og det underjordiske Skyrim, klarte Dwemers til slutt å pressa Falmar djupt inn i Blackreach. Seinare gjorde Falmers opprør og skulle gå til åtak på Dwemers, men fann ut at dei på mystisk vis hadde forsvunne.

Falmers hadde no utarta seg til ein hesleg rase av underjordiske monster som spelaren ofte vil møta på i Dwemer-ruinar og grotter i Skyrim. Dei har blitt blinde og krumma grunna å ha levd så lenge under jorda, og liknar ikkje særleg på alvar lenger. I staden for har dei fått betre høyrsle og jaktar ved hjelp av dette høvet. I tilleggspakka Dawnguard blir det oppdaga at det berre finst to snø alvar igjen i Skyrim.

Maormer[endre | endre wikiteksten]

Maormer, også kalla sjøalvar, er ein alverase knytt til Aldmer. Dei lev i Pyandonea, eit kontinent som ligg nedanfor Summerset Isles. I The Elder Scrolls: Online, finst Maormer i kystområda ved Elsweyr, Valenwood og Summerset Isles.

Drakar[endre | endre wikiteksten]

Drakar, også kalla Dovah, er store krypdyrliknande skapningar med flaggermusliknande vinger og klør, og ein av dei eldste levande rasane i The Elder Scrolls-universet. Dei blir sett på som nokon som beist, men drakar er udødelege, svært intelligente og er i stand til snakka. Dei fleste av dei har eit sterkt hat for nesten alle andre levande skapningar, og berre vis respekt for skapningar som er mektigare enn dei . I The Elder Scrolls-mytologien er drakar er ein rase mindre mektige Aedra som nedstammar direkte frå Akatosh, guden for tid og drakar. Grunna dette er drakar bunde til tida og Nirn i all æve. Dei kommuniserer gjennom sin eige språk som inkluderer ei kraft kjend som «Thu'um» eller «Stemmen». Drakar har ei evne som blir kalla kalla «Shout» (Rop), som kan ta form som ein eksplosjon av eld, støytande eller ein annan magisk effekt. Dersom ein drake blir drepen, blir sjela anten igjen på Nirn eller fortært av ein anna drake. I The Elder Scrolls V: Skyrim er spelaren sin karakter den siste «Dragonborn» (drakefødd). Ein drakefødd er eit sjeldan individ som har drakeblod og sjel, men kroppen til eit menneskje. Han eller ho kan bruke Thu'ums og absorbera sjela dersom karakteren drep ein drake.

Lycanthrope[endre | endre wikiteksten]

Lycanthrope er ein samlebetegnelse i spela som blir brukt for å referere til ulike personar som enten har hatt dyrelikande transformasjonar tvunge på dei av sjukdommen lycanthropy, eller har fått lycanthropy frivillig. Lycanthropes har dukka opp i The Elder Scrolls II: Daggerfall, The Elder Scrolls III: Morrowind og The Elder Scrolls V: Skyrim, og i desse spela kan spelaren sin karakter bli varulv. Den daedric prinsen Hircine er opphavet til varulven, og varulvar som tilber Hircine kjem til hans rike når dei døyr. Andre lycanthropes er varbjørnar, varkrokodillar, varløver og varhaiar.

Vampyr[endre | endre wikiteksten]

Ein spelar sin karakter kan få vampyrisme, referert til som til som Sanguinare Vampiris eller Porphyric Hemophilia. Ein høgare tilstand av vampyrisme kalla vampyrherren kan bli oppnådd for karakteren gjennom daedric-prinsen Molag Bal.

Aedra og Daedra[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Tamriel tilber ei rekkje guddomar og utanomjordiske krefter. Hovudgruppene av desse er Aedra og Daedra. Aedra tydar «våre forfedre» på Aldmeri og består av «The Nine Divines» (Dei ni geistlege) frå kulten til imperiet. Båe Aedra og Daedra høyrer til ein udøyeleg rase av himmelske vesen kalla et'Ada eller «dei opphavlege åndene», vesen som eksisterte før Mundus (universet) vart danna. Aedra tek sjeldan del i dei dødlege sine affærer med unntak for visse situasjonar, som til dømes i slutten av Oblivion. Aedra tok del i skapinga av Mundus, men Daedra, som tyder «ikkje våre forfedre», var dei som ikkje ynskja å ta del i denne skapinga. Dei vert set på som langt mindre venlege enn Aedra.

Aedra[endre | endre wikiteksten]

Aedra blir tilbedde av nesten alle menneskje, beist and alve-rasar, gjerne med sine eigne namn og former. Dei ni Aedra består av:

Daedra[endre | endre wikiteksten]

Daedra er skapningar frå riket Oblivion. Dei er vanlegvis delt inn daedric prinsar og svakare Daedra, sjølv om sistnemnde er delt inn i ytterlegare kategorisering. Det sanne opphavet til Daedra er ukjend, med éi myte som tyder på at dei er barn av den fryktelege herren Padomay, medan andre hevdar dei berre er ein underavdeling av et'Ada som ville ikkje noko å gjera med skapinga av Nirn. Dei blir sett på som vonde av Aedra-tilhengerar grunna den manglande evna deira til å forstå forskjellen på godt og vondt, men det blir klårt for spelaren at ikkje alle manglar det.

Det finst 17 Daedric prinsar. Dei har alle sin eigen del av Oblivion, med unntak av Jyggalag, som delar sitt rike med Sheogorath. Dei blir alle omtalt som Daedric prinsar, uavhengig av kva kjønn dei er eller opptrer mest som. Nokre typar svake Daedra inkluderer «Dark Seducers» («Mørke forførarar»), Dremora, «Golden Saints» («Gylne helgenar») og Xivilai. Det er vanleg at karakteren spelaren lagar kan fullføra oppdrag for daedric prinsane for å bli ein tenar av dei, og motta ein kraftig og unik relikvie.

Dei 17 daedric prinsane:

  • Azura, prinsen for solnedgang og solrenning
  • Boethiah, prinsen for svik og forræderi
  • Clavicus Vile, prinsen for pakter og formskifting
  • Hermaeus Mora, prinsen for kunnskap og minne
  • Hircine, prinsen for jakt
  • Jyggalag, prinsen for orden
  • Malacath, prinsen for utfrysing
  • Mehrunes Dagon, prinsen for øydelegging
  • Mephala, prinsen for mord, sex og hemmelegheiter[1]
  • Meridia (ukjend sfære, men forbunde med liv)
  • Molag Bal, prinsen for dominering og slaveri
  • Namira, prinsen for det eldgamle mørkret
  • Nocturnal, prinsen for natt og mørker
  • Peryite, prinsen for pest
  • Sanguine, prinsen for hedonisme
  • Sheogorath, prinsen for galskap
  • Vaermina, prinsen for draumar og mareritt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lore: Mephala» (engelsk). UESP. Henta 5.oktober 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)