Camera Camera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Camera Camera
Studioalbum av Renaissance
Utgjeve 1981
Innspelt Juni 1981
Studio Herne Place Studios i Sunningdale i Berkshire i England
Sjanger Progressiv rock, new wave
Lengd 45:01
Selskap Illegal (Storbritannia)
I.R.S. (USA)
RCA (Italia)
Line (Tyskland)
Produsent Renaissance
Renaissance-kronologi
Azure d'Or
(1979)
Camera Camera Time-Line
(1983)


Singlar frå Camera Camera
  1. «Bonjour Swansong»
    Utgjeve: 1981
  2. «Faeries (Living at the Bottom of the Garden)»
    Utgjeve: 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]

Camera Camera er det tiande studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1981.

Etter å ha mista to av fem medlemmar og blitt droppa av plateselskapet sitt, signerte Renaissance for Miles Copeland sitt I.R.S. Records. Dei tapte medlemmane vart erstatta av klaverspelaren og songaren Peter Gosling og trommeslagaren Peter Barron. Mellom det førre Renaissance-albumet og Camera Camera, hadde Annie Haslam og Michael Dunford arbeidd med Gosling som ein trio kalla Nevada, gjeve ut to singlar og spelt inn fleire demoar. Den noko meir new wave-prega stilen til Nevada påverka sterkt Camera Camera. Ein av songane på Camera Camera, «Faeries», var spelt inn tidlegare (men ikkje gjeven ut) av Nevada.[2]

Den originale, britiske utgåva av Camera Camera frå 1981, inkluderte ikkje singelen «Bonjour Swansong», men denne songen er med på alle utgjevingar av albumet sidan 1982.[3]

Dette var det siste Renaissance-albumet med tekstar av diktaren Betty Thatcher. Ho skreiv teksten til «Bonjour Swansong» som «eit privat farvel til gruppa.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Camera Camera»Jon Camp, Michael Dunford6:01
2.«Faeries (Living at the Bottom of the Garden)»Dunford, Peter Gosling3:45
3.«Remember»Dunford, Betty Thatcher4:33
4.«Bonjour Swansong» (ikkje på den britiske utgåva frå 1981)Dunford, Thatcher3:32
5.«Tyrant-Tula»Camp, Dunford5:58
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Okichi-San»Dunford, Thatcher6:00
7.«Jigsaw»Dunford, Thatcher5:00
8.«Running Away from You»Camp3:35
9.«Ukraine Ways»Camp, Dunford6:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Renaissance
  • Annie Haslam - solo- og korvokal
  • Michael Dunford - gitarar, korvokal
  • Peter Gosling - klaverinstrument, korvokal
  • Jon Camp - bass, korvokal, gitarar
  • Peter Barron - trommer, korvokal, perkusjon
Produksjon
  • John Acock - lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mason, Stewart. «Camera Camera - Renaissance | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 6. april 2020. 
  2. Liner notes from the Nevada samlealbum Pictures in the Fire, released in 2000
  3. Renaissance Diskografi
  4. Liner notes from the CD reissue of Camera Camera