Mother Russia av Renaissance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mother Russia
Singel av Renaissance
frå albumet Turn of the Cards
B-side

«I Think of You»

Utgjeve 1974
Sjanger Progressiv rock[1][2]
Lengd 9:30 (album)
3:07 (singel)
Låtskrivar(ar) Michael Dunford (musikk)
Betty Thatcher (tekst)
Produsent Richard Gottehrer
Dick Plant
Renaissance-kronologi 
«Carpet of the Sun»
(1973)
Mother Russia «Carpet of the Sun» (live)
(1976)


«Mother Russia» er avslutningssongen på albumet Turn of the Cards frå 1974 av Renaissance. Det finst òg på konsertalbumet Live at Carnegie Hall frå 1976.

Songen er ei hyllest til den russiske forfattaren Aleksandr Solzjenitsyn, som vart tvungen til å forlate Sovjetunionen tidlegare i 1974 av kommunistregimet. Teksten, var som vanleg, skriven av diktaren Betty Thatcher, og er basert på den kjende romanen til Solzjenitsyn om undertrykkinga i Sovjetunionen, En dag i Ivan Denisovitsj' liv.[3] Fordi fans av bandet var overraska over ein slik type høvessong, har songaren Annie Haslam i intervju ofte peikt på at «Mother Russia» i røynda refererer til Solzjenitsyn.

Musikalsk byrjar «Mother Russia» med ein enkel, strykarbasert introduksjon markert med somme piano-crescendo. Etter kring to minutt kjem røysta til Haslam inn, og dei neste tre minutta av songen inneheld seks vers i tre par som skildar Solzjenitsyn.

Dei siste fem minutta av songen består av tre minuttar med instrumental med ordlaus vokal av Haslam, etterfølgd av ein repetisjon av dei to siste versa til slutt. Lydteknikaren og produsenten på innspelinga, Dick Plant sa: «Eg trur den verkelege drivkrafta i musikken kom frå pianoet til John Tout. Eg trur ikkje Renaissance nokon gong ønskte å lage noko dei ikkje kunne gjenskape på scenen.»[3]

Musikken til «Mother Russia» er tilskriven Michael Dunford, men songen er av Jon Camp omtalt som ein av songane han bidrog mykje til, utan å bli tilskriven for det.[4]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Renaissance
  • Annie Haslam – solovokal
  • Michael Dunford – akustisk gitar
  • Jon Camp – bass, korvokal
  • John Tout – klaverinstrument
  • Terence Sullivan – trommer, perkusjon
Andre medverkande
  • Jimmy Horowitz – orkesterarrangement

Singel[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av «Mother Russia» vart korta ned til like over tre minutt og gjeven ut på singel i USA. Sjølv om albumet, Turn of the Cards, nådde 94. plassen på Billboard-lista,[5] klarta aldri singelen å kome inn på Billboard Hot 100.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murphy, Sean (Mars 28, 2017). «The 100 Best Classic Progressive Rock Songs: Part 3, 60-41». PopMatters. Henta 8. juni 2019. 
  2. Moser, John J. (Mars 14, 2018). «Prog-rockers Renaissance, funk band Mingo Fishtrap, tributes to Queen, Everly Brothers and Cream set at ArtsQuest Center». The Morning Call. Henta 8. juni 2019. 
  3. 3,0 3,1 Romano, Will (2010). Mountains come out of the sky: an illustrated history of prog rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 133. ISBN 978-0-87930-991-6
  4. «Jon Camp Interview 2012». Arkivert frå originalen 29. september 2020. Henta 8. april 2020. 
  5. Whitburn, Joel (1996). Joel Whitburn's top pop albums, 1955-1996 Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. p. 649. ISBN 0-89820-117-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]