Louis Cennamo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Louis David Cennamo
Fødd5. mars 1946 (75 år)
FødestadLondon i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1962
SjangerRock, blues, bluesrock, rock and roll, psykedelisk rock, hardrock, progressiv rock
InstrumentBass, kontrabass, gitar
Tilknytte artistarRod Stewart, Jimmy Powell, The Herd, Peter Frampton, James Taylor, Renaissance, musikkgruppa Colosseum, Steamhammer, Armageddon, Illusion
PlateselskapPye Records, Parlophone Records, Elektra Records, Island Records, A&M Records
Verka somgitarist

Louis David Cennamo (fødd 5. mars 1946) er ein engelsk bassgitarist som har hatt ein lang karriere der han spelt for ei rekkje viktige, britiske rock-, blues- og progressive rockeband.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

16 år gammal var Cennamo med å skipe blues/rockebandet Jimmy Powell and the Five Dimensions i 1964.[2] Cennamo forle bandet seint i 1965 for å bli bassist i The Herd.[3] Han spelte berre inn ein singel med dei, «So Much In Love» (med «This Boy's Always Been True»), før han slutta og skipa Patto's People i lag med Tim Hinkley, Viv Prince og Mike Patto, som spelte inn og gav ut ein enkelt singel, «Shimmy Shimmy Ko Ko Bop» / «Jump Back», seint i 1966.[4]

Seint i 1960-åra var Cennamo studiomusikar, og spelte mellom anna på debutplata til James Taylor i 1968 og Al Stewart sitt Zero She Flies.[5]

I 1969 var Cennamo med å skipe progrockbandet Renaissance.[6] Cennamo hadde ei viktig rolle med å arrangere dei klassisk-inspirerte songane deira.[7] Han var med på to album med bandet, men eit hardt turneringsliv gjorde at han gav seg våren 1970.[8] Cennamo byrja så å spele med det britiske jazzrockbandet Colosseum, og spelte på albumet Daughter of Time (1970).[9]

Cennamo vart så rekruttert av det progressive/blues/rockebandet Steamhammer (1970–72). Bandet turnerte mykje i Europa og spelte inn det eksperimentelle Speech i 1971.[10]

Etter Steamhammer gav seg i 1973, skipa Cenammo Armageddon (1974–75) med den amerikanske trommeslagaren Bobby Caldwell, Steamhammer-gitaristen Martin Pugh og «Speech»-produsenten (og tidlegare Renaissance-kollegaen) Keith Relf. Bandet var basert i California, men spelte inn debutalbumet, ArmageddonOlympic Studios i London.[11] Det vart gjeve ut på A&M Records seint på våren 1975.[12] Då Relf døydde av elektrisk støyt i mai 1976 var det slutten for bandet.[13]

Attende i England skipa Cennamo så Illusion med andre tidlegare medlemmar i Renaissance, og var med bandet for to album (1977–1979).[14]

Etter 1980[endre | endre wikiteksten]

Cennamo byrja å bruke mindre tid på musikk etter 1979 og meir tid på si «andelege utvikling» (men gav ut ein avgrensa solokassett kalla Diamond Harbor i 1982).[15]

Frå 1986 til 1995 var Cennamo involvert i eit deltids musikkprosjekt kalla Stairway (der Cennamo spelte gitar), med kollagaen frå Renaissance og Illusion, Jim McCarty. Det var eit hovudsakleg insturmentalprosjekt,[16] og dei gav ut i alt fire plater.[17]

I 2001 gav fire medlemmar frå det originale Renaissance og Illusion ut albumet Through the Fire under namnet Renaissance Illusion.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.discogs.com/artist/445542-Louis-Cennamo | Louis Cennamo on Discogs
  2. https://www.discogs.com/artist/1282281-Jimmy-Powell-And-The-5-Dimensions | Jimmy Powell And The 5 Dimensions
  3. Carol Hynson. «The Official Mick Underwood website - biography of the UK rock drummer». Mickunderwood.com. Henta 21. mars 2020. 
  4. http://www.oocities.org/sunsetstrip/diner/2674/lcenn_bio.htm.tmp
  5. http://www.artistdirect.com/artist/credits/louis-cennamo/413338
  6. http://www.richieunterberger.com/renaissance.html | formation of Renaissance
  7. http://strawberrybricks.com/guide/releases/renaissance
  8. http://www.backgroundmagazine.nl/CDreviews/RenaissanceIdemIllusion.html
  9. http://www.allmusic.com/album/daughter-of-time-mw0000614532
  10. http://www.allmusic.com/album/speech-mw0000468056
  11. http://www.alexgitlin.com/npp/armauk.htm
  12. http://www.elevenwarriors.com/forum/anything-else/2016/05/71063/armageddon-a-lost-classic-released-may-1975-timh
  13. http://ultimateclassicrock.com/yardbirds-keith-relf-death/
  14. http://www.allmusic.com/artist/illusion-mn0000072592
  15. http://www.expose.org/index.php/articles/display/from-renaissance-to-illusion-a-profile-of-the-relf-mccarty-renaissance.html
  16. http://www.cdbaby.com/cd/mccartycennamo
  17. https://www.discogs.com/artist/1498380-Stairway-2
  18. https://www.amazon.com/Through-Fire-Renaissance-Illusion/dp/B000063T2R