Turn of the Cards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turn of the Cards
Studioalbum av Renaissance
Utgjeve Mai 1974
Innspelt 1974
Studio De Lane Lea Music Center i Wembley i Storbritannia
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:55
Selskap BTM (Storbritannia)
Sire (Nord-Amerika)
RCA (Europe and Japan)
Produsent Renaissance, Dick Plant and Richard Gottehrer
Renaissance-kronologi 
Ashes Are Burning
(1973)
Turn of the Cards Scheherazade and Other Stories
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]

Turn of the Cards er det femte studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1974. Det var det siste Renaissance-albumet med utdrag frå eksisterande klassiske stykke.[2]

I Storbritannia vart dette den første utgjevinga (BTM 1000) på selskapet til Miles Copeland, BTM Records (British Talent Managers). I 1977, etter å ha gjeve ut i alt ti album, inkludert to til av Renaissance (BTM 1006: Scheherazade and Other Stories og den doble, BTM 2001, Live at Carnegie Hall), gjekk selskapet konkurs.[3]

Plateomslaget syner ei hand med tarotkort føre Warwick Castle. Den første utgåva til BTM UK hadde eit anna omslag, med eit portrett av Annie Haslam i eit av korta. Seinare utgåver, og i USA, vart det nytta eit omslag der portretta til dei andre i bandet òg var med på korta.

«Things I Don't Understand» var den siste songen Jim McCarty, opphavleg medlem i bandet, skreiv for bandet. «Running Hard» siterer ein melodi først nytta på «Mr. Pine» frå albumet Illusion, i tillegg til stykket «Litanies» av den franske komponisten Jehan Alain. Musikken til «Cold Is Being» er henta heilt frå «Adagio i g-moll» (tilskriven Tomaso Albinoni, men i røynda komponert av Remo Giazotto) og vart i motsetnad til det som står i omslaget, ikkje komponert av Michael Dunford.[4] Jon Camp har sagt at «Mother Russia» var ein av songane han bidrog mykje til, utan å bli tilskriven for det.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Michael Dunford and Betty Thatcher, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Running Hard»Dunford, Thatcher, med intro frå «Litanies» av Jehan Alain.9:36
2.«I Think of You» 3:08
3.«Things I Don't Understand»Dunford, Jim McCarty9:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Black Flame» 6:25
5.«Cold Is Being» (basert på Adagio i g-moll av Remo Giazotto)Dunford, Thatcher,3:02
6.«Mother Russia» 9:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Renaissance[endre | endre wikiteksten]

  • Annie Haslam – solo- og korvokal
  • Michael Dunford – akustisk gitar, korvokal
  • Jon Camp (oppført som «John Camp») – bass, solovokal på spor 3, korvokal
  • John Tout – klaverinstrument, korvokal
  • Terence Sullivan – trommer, korvokal, perkusjon

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jimmy Horowitz – orkesterarrangement

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Dick Plant - produsent, lydteknikar
  • Richard Gottehrer - produsent
  • Douglas Bogie, Mike Pela - assisterande lydteknikarar
  • Jeffrey Lesser - nymiksing i Mediasound Studios i New York
  • Hipgnosis - design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Renaissance - Turn of the Cards review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 7. april 2020. 
  2. Notat frå plateomslaget til samleplata Tales of 1001 Nights
  3. Liner notes from CD reissue.
  4. Turn of the Cards Lyrics
  5. «Jon Camp Interview 2012». Arkivert frå originalen 29. september 2020. Henta 8. april 2020.