Carl Bonnevie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Bonnevie

Fødd28. april 1881
Trondheim
Død26. september 1972 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, advokat, dommar, fredsaktivist
FarJacob Aall Bonnevie
BarnEllen Bonnevie Seip
Alle verv

Carl Emil Christian Bonnevie (28. april 188126. september 1972) var ein norsk embetsmann og politikar for Arbeidarpartiet. Jacob Aall Bonnevie var far hans.

Bonnevie var fødd i Trondheim og utdanna seg til cand.jur. i 1904. Deretter arbeidde han som sakførarfullmektig i Moss frå 1905 og fullmektig i Vinger og Odalen frå 1906. I tida 1907-10 var han overrettssakførar i Kristiania, og så engasjert i Salten som politimann og sorenskrivar frå 1910-15.

Perioden 1915-18 var Bonnevie statsadvokat i Smaalenene og Hedmark, samt i Oslo. I 1919 fekk han arbeid i den norske legasjonen til Berlin og Wien, der han vart verande til 1923. Sidan var han byrettsdommar i Oslo til 1929, og deretter sorenskrivar i Lofoten til 1936. Bonnevie var sidan lagmann i Agder 1936-45 og i Eidsivating 1945-51. Han var i 1950-51 fyrstelagmann for Borgarting.

Bonnevie var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i valperiodane 1913-15 og 1934-36. Den fyrste bolken representerte han bykrinsen Bodø og Narvik og var sekretær i Justiskomite nr 1, i den andre bolken representerte han Nordland fylke og var medlem av Justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi[daud lenkje]