Caroline av Status Quo
Utsjånad
| Caroline Singel av Status Quo frå albumet Hello! | ||
| B-side |
Joanne | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 31 august 1973 | |
| Sjanger | Rock[1] | |
| Lengd | 3:43 | |
| Selskap | Vertigo | |
| Låtskrivar(ar) | Francis Rossi, Bob Young | |
| Produsent | Status Quo | |
| Status Quo-kronologi | ||
| «Gerdundula» (1973) |
Caroline | «Break the Rules» (1974) |
| -kronologi | ||
| «She Don't Fool Me» (1982) |
Caroline | «Ol' Rag Blues» (1983)
|
«Caroline» er ein song av det britiske rockebandet Status Quo i 1973. Han kom ut på albumet Hello! i 1973.[2]
Songen var skriven av bandleiaren Francis Rossi og scenearbeidaren deira Bob Young på ein serviett i matsalen på eit hotell i Perranporth i Cornwall i 1971. Det vart spelt inn to demoar av songen, ein kjapp og ein langsam.[3]
Sogen vart ofte nytta som opningsnummer på konsertane til Status Quo i over 25 år.[3] Han vart spelt som andre song på Live Aid-konserten deira i 1985 og inspirerte Apollo 440-singelen «Stop the Rock» i 1999.[4]
Songen vart spelt inn på ny i 2014 for det 31. albumet til bandet, Aquostic (Stripped Bare).
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- 1973: «Caroline» (Rossi/Young) (3.43) / «Joanne» (Lancaster) (4.06) 45 rpm Vinyl 7", Vertigo / 6059 085 Tyskland, Storbritannia
- 1985: «Caroline» / «Down Down» 45 rpm Vinyl 7", Old Gold / OG 9566 Storbritannia
Salslister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1973) | Plassering |
|---|---|
| UK Singles Chart | 5 |
| Sverige | 5 |
| Tyskland | 36 |
| Belgia | 9 |
| Noreg | 12 |
| Irland | 11 |
| Liste (1982) | Plassering |
|---|---|
| UK Singles Chart | 13 |
| Irland | 12 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Caroline (Status Quo song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.allmusic.com/album/hello%21-mw0000473649
- ↑ «Status Quo discography». statusquo.co.uk. Arkivert frå originalen 11. januar 2010. Henta 3. oktober 2018.
{{cite web}}: Invalid|deadurl=yes(hjelp) - 1 2 «How we made: Caroline - Status Quo». The Guardian. 2. april 2013. Henta 3. oktober 2018.
- ↑ Warwick, Kutner & Brown 2004, s. 75