Dog of Two Head
| Dog of Two Head Studioalbum av Status Quo | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | November 1971 | |
| Innspelt | Pye Records, London | |
| Sjanger | Hardrock | |
| Lengd | 36:09 | |
| Selskap | Pye NSPL 18371 | |
| Produsent | John Schroeder | |
| Status Quo-kronologi | ||
|---|---|---|
| Ma Kelly's Greasy Spoon (1970) |
Dog of Two Head | Piledriver (1972)
|
| Singlar frå Dog of Two Head | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
Dog of Two Head er det fjerde studioalbumet til rockegruppa Status Quo, gjeve ut på Pye Records i 1971. Bandet bestod då av Francis Rossi (omtalt på omslaget som Mike Rossi), Rick Parfitt (omtalt som Ritchie Parfitt), Alan Lancaster og John Coghlan (omtalt som John Coughlan).
I mars 1971 gav bandet ut ein singel som ikkje var på med på albumet, «Tune to the Music» skriven av Rossi/Young. Singelen vart ikkje ein hit. Bandet sette seg så ned for å skrive musikk til eit nytt album. Eit par av songane, som opningssporet «Umleitung» var skriven attende i 1970. Albumet kom ut november 1971.
Ein singel frå albumet, «Mean Girl» av Rossi og Young, nådde 20. plassen på den britiske singellista i april 1973, etter at dei hadde fått sin tredje topp ti-singel der med «Paper Plane» frå det neste albumet deira, Piledriver.
Då «Mean Girl» gjekk inn på lista, valde plateselskapet å gje ut enno ein singel frå dette albumet: ei nyinnspeling av «Gerdundula», B-sida til singelen deira «In My Chair» frå 1970. Denne kom ut i juli 1973, men gjekk ikkje inn på salslista. B-sida til denne singelen var «Lakky Lady» av Rossi og Parfitt, frå det førre albumet deira, Ma Kelly's Greasy Spoon.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Umleitung» | Alan Lancaster, Roy Lynes | 7:11 |
| 2. | «Nanana (Extraction I)» | Francis Rossi, Bob Young | 0:51 |
| 3. | «Something's Going on in My Head» | Lancaster | 4:44 |
| 4. | «Mean Girl» | Rossi, Young | 3:53 |
| 5. | «Nanana (Extraction II)» | Rossi, Young | 1:11 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 6. | «Gerdundula» | Manston, James | 3:49 |
| 7. | «Railroad» | Rossi, Young | 5:30 |
| 8. | «Someone's Learning» | Lancaster | 7:08 |
| 9. | «Nanana» | Rossi, Young | 2:26 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 10. | «Tune to the Music» (ikkje utgjeven før) | Rossi, Young | 3:36 |
| 11. | «Good Thinking» (ikkje utgjeven før) | Rossi, Rick Parfitt, Lancaster, John Coghlan, Young | 3:40 |
| 12. | «Time to Fly» | Lancaster | 4:18 |
| 13. | «Nanana» (ikkje utgjeven før) | Rossi, Young | 2:58 |
| 14. | «Mean Girl» (ikkje utgjeven før) | Rossi, Young | 3:58 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 10. | «Mean Girl» (Early Mix) | Rossi, Young | 3:59 |
| 11. | «Tune to the Music» | Rossi, Young | 3:09 |
| 12. | «Good Thinking» | Rossi, Rick Parfitt, Lancaster, John Coghlan, Young | 3:43 |
| 13. | «Mean Girl» (BBC Session) | Rossi, Young | |
| 14. | «Railroad» (BBC Session) | Rossi, Young |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Francis Rossi - sologitar, akustisk gitar, solovokal
- Rick Parfitt - rytmegitar, akustisk gitar, piano, korvokal, andre solovokal på «Railroad»
- Alan Lancaster - bass, gitar
- John Coghlan - trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Bob Young - munnspel
- Bruce Foster - piano
- Grass - korvokal på «Nanana»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dog of Two Head» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: