Pete Kircher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pete Kircher

Fødd21. januar 1945 (79 år)
FødestadFolkestone
OpphavStorbritannia
Aktiv1985–
Instrumenttrommesett
Verka sommusikar, perkusjonist, trommeslagar

Peter Derek Kircher (fødd 21. januar 1945)[1] er ein engelsk trommeslagar. Frå 1982 til 1985 spelte han i rockebandet Status Quo. I denne perioden spelte han mellom anna på Live Aid og National Bowl, og møtte prinsen av Wales ved ein veldedigheitskonsert for The Prince's Trust i Birmingham NEC, som sidan kom ut i 1982 på albumet Live at the N.E.C..

I 1960-åra spelte han med The Burnettes i lag med Neil Landon som songar og Noel Redding på gitar. Redding spelte sidan bass med Jimi Hendrix. I slutten av tiåret spelte han i bandet Honeybus. I 1970-åra og tidleg i 1980-åra spelte han i bandet Shanghai i lag med Mick Green frå Johnny Kidd and the Pirates, så Liverpool Express, Original Mirrors og til slutt Nolan Sisters før han byrja å spele med Status Quo då John Coghlan slutta der. Etter han slutta i Status Quo i 1985 har han halde ein låg profil og arbeidd noko som låtskrivar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. End Of The Road tourbook, 1984, interview on page 22