Quo av Status Quo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Quo
Studioalbum av Status Quo
Utgjeve 3. mai 1974
Innspelt Spring 1974
Studio IBC Studios, London
Sjanger Hardrock
Lengd 36:54
Selskap Vertigo (Storbritannia)
A&M (USA)
Produsent Status Quo
Status Quo-kronologi
Hello!
(1973)
Quo On the Level
(1975)


Singlar frå Quo
  1. «Break the Rules»
    Utgjeve: 1974
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]

Quo er det sjuande studioalbumet til Status Quo. Det kom ut i mai 1974 og vart framført av Francis Rossi, Rick Parfitt, Alan Lancaster og John Coghlan. Albumet nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia. Som føregangaren Hello! bestod det berre av originale songar skrivne av gruppa. Dei einaste gjestemusikarane var Bob Young og Tom Parker, som spelte høvesvis munnspel og piano på «Break the Rules».

Bandet meinte at opningssongen «Backwater» høvde best som singel, men den einaste singelen som kom ut frå albumet var «Break the Rules» i april 1974. Singelen nådde åttandeplassen på singellista i Storbritannia.

Albumet vert rekna som eit av dei tyngste albuma deira, kanskje på grunn av bassisten Alan Lancaster, som var medlåtskrivar på seks av åtte spor. «Då me skreiv 'Drifting Away'» fortalte Parfitt, «høyrdest han særs tung ut. Rytmen var konstant, rett i andletet ditt. Det var så inspirerande. Det var det hovudet mitt var den gongen. Du veit: no skal me faen meg rocke.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Backwater»  Rick Parfitt, Alan LancasterLancaster 4:22
2. «Just Take Me»  Parfitt, LancasterLancaster 3:31
3. «Break the Rules»  Francis Rossi, Parfitt, Lancaster, John Coghlan, Bob YoungRossi 3:37
4. «Drifting Away»  Parfitt, LancasterLancaster 5:00
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
5. «Don't Think it Matters»  Parfitt, LancasterLancaster 4:48
6. «Fine Fine Fine»  Rossi, YoungRossi 2:31
7. «Lonely Man»  Parfitt, LancasterParfitt 5:05
8. «Slow Train»  Rossi, YoungRossi 7:55
Bonusspor på 1995-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «Lonely Night»  Rossi, Parfitt, Lancaster, Coghlan, Young 3:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Quo av Status QuoAllmusic
  2. Ling, Dave (March 2017). «R.I.P. Rick Parfitt». Classic Rock #233: 51.