Just Supposin'
Just Supposin' Studioalbum av Status Quo | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. oktober 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Studio | Windmill Lane Studios i Dublin | |
Sjanger | Hardrock, boogierock, new wave[1] | |
Lengd | 40:25 | |
Selskap | Vertigo | |
Produsent | John Eden & Status Quo | |
Status Quo-kronologi | ||
---|---|---|
Whatever You Want (1979) |
Just Supposin' | Never Too Late (1981)
|
Singlar frå Just Supposin' | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Just Supposin' er det trettande studioalbumet til Status Quo. Det var produsert av gruppa i lag med John Eden og var spelt inn i Windmill Lane Studios i Dublin. Albumet kom ut 17. oktober 1980,[3] og nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista.
Tre songar vart gjevne ut som singlar det same året, «What You're Proposing», og ei dobbel-A-side «Lies»/«Don't Drive My Car». Mot slutten av 1981 kom ein redigert versjon av ein annan song, balladen «Rock 'n' Roll», ut på singel etter at Quo gav ut det neste albumet sitt, Never Too Late. Det var ei produktiv innspeling som òg gav nok songar for albumet Never Too Late, som kom berre fem månader seinare.
«Over the Edge» vart skriven av bassisten Alan Lancaster i lag med Keith Lamb, frontmann i dei britiske banda The Case, Sleepy Talk og Mr. Toad, og grunnleggjar og frontmann i det australske glamrockbandet Hush.
På plateomslaget kan ein sjå oppskytinga av ein UGM-84 Harpoon-missil.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «What You're Proposing» | Francis Rossi, Bernie Frost | 4:15 |
2. | «Run to Mummy» | Rossi, Andy Bown | 3:08 |
3. | «Don't Drive My Car» | Rick Parfitt, Bown | 4:30 |
4. | «Lies» | Rossi, Frost | 3:56 |
5. | «Over the Edge» | Alan Lancaster, Keith Lamb | 4:29 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «The Wild Ones» | Lancaster | 3:53 |
7. | «Name of the Game» | Rossi, Lancaster, Bown | 4:26 |
8. | «Coming and Going» | Parfitt, Bob Young | 6:20 |
9. | «Rock 'n' Roll» | Rossi, Frost | 5:23 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «AB Blues» | Rossi, Parfitt, Lancaster, John Coghlan, Bown | 4:28 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Francis Rossi – gitar, vokal
- Rick Parfitt – gitar, vokal
- Alan Lancaster – bass, vokal
- John Coghlan – trommer
- Andre medverkande
- Andy Bown – klaverinstrument
- Bernie Frost – korvokal
- Bob Young – munnspel på «Coming And Going»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Just Supposin'» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.allmusic.com/album/just-supposin-mw0000480666
- ↑ Thompson, Dave. Just Supposin' på Allmusic
- ↑ «Off the Record». NME (London, England: IPC Media): 4. 4. oktober 1980.