Bribri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bribri
Klassifisering: Chibchansk
 Istmisk
  Vestistmisk
   Viceitisk
    Bribri
Bruk
Tala i: Flag of Costa Rica.svg Costa Rica
Språkkodar
ISO 639-3: bzd

Bribri er eit chibchansk språk som blir snakka av rundt 6 000 bribriar i tre ulike område av det sørlege Costa Rica. Det er dermed eitt av dei to største urfolksspråka i landet, saman med det nært beslekta cabécar. Mengda bribritalende er i svak nedgang.

Bribri er eit tonespråk, og har opptil fire tonar: høg, låg, stigande og fallande. Det skil òg mellom orale og nasale vokalar, og har i alt 12 vokalfonem. Det har 14 konsonantfonem.

Bribri er eit ergativspråk, og har den faste ordstillinga absolutiv–verbal. I nominalfrasene kjem modifikatorene etter kjernen, og språket har postposisjonar. Verba vert hovudsakleg bøygt etter aspekt. Talorda vert bøygt etter forma til objekta dei refererer til. Bribri har òg eit komplekst system med demonstrativ.

Det er tre hovuddialekter av bribri: Coroma (austleg), amubre (vestleg) og salitre (Stillehavet).

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

«Bribri» er namnet både på folkegruppa og på språket dei snakka. Det kjem opphavleg frå ordet balíbali, som tyder «ujamnt terreng» og refererer til området bribriane held til i.[1] Ein person med etnisiteten bribri vert kalla bríbriwak. Språket vert òg av og til kalla se' ie, som tyder «språket vårt», i motsetnad til síkua ie, som tyder «utanlandsk språk» og viser til alle andre språk.[2]

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Bribri tilhøyrer den chibchanske språkfamilien. Dei chibchanske språka har fleire gonger vorte relatert til andre språk og familiar, men det finst førebels ingen klåre bevis på dette.[3] Den chibchanske språkfamilien vert delt inn i ei nordleg og ei sørleg grein, der bribri, i likskap med alle dei andre språka utom eitt, tilhøyrer den sørlege. Bribri vert plassert i den vestistmiske gruppa, der det saman med cabécar utgjer den viceitiske undergruppa. Desse to språka er nært beslekta, og skilde lag for omkring 1000 år sidan.[4]

  • Chibchanske språk
    • Sørleg
      • Istmisk
        • Vestistmisk
          • Viceitisk
            • Bribri

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Bribri-hus i Amubre
Sulàyöm skule i Amubre, der det vert undervist i bribri. Bribri-jenter står i bakgrunnen

Rundt 6 000 av dei om lag 10 000 bribriane snakkar bribri.[5] Dei held til sør i Costa Rica, på begge sider av fjellkjeden Cordillera dei Talamanca. Ved Det karibiske havet bur det rundt 7000 bribriar i reservatet i kantonen Talamanca i provinsen Limón, i landsbyane Coroma, Coén, Sepecue, Shiroles, Amubre, Katsi, Lari, Urén og Yorkín. På den andre sida av fjellkjeda, ved Stillehavet, held dei til i kantonen Buenos Aires i provinsen Puntarenas, hovudsakleg i reservata Salitre og Cabagra. Bribriane i dette området utgjer omkring 3 000 personar.

Mengda talarar av bribri er i svak nedgang, og dessutan vert språket i dag brukt nesten utelukkande i familiesituasjonar og i tradisjonelle seremoniar. Grunnen til den stadig meir avgrensa nytta er nedgangen i mengda av einspråklege, som no omfattar berre nokre hundre personar, og dessutan det at mange spansktalande flyttar inn i bribriane sitt område.[6] Innverknaden frå spansk kan òg sjåast i sjølve språkstrukturen, ved at mange bribritalande tek inn fonem frå spansk, og at den grammatiske strukturen til bribri har ein tendens til å verta meir lik den spanske, blant anna i høve til ordstilling og ved at ergativsmarkøren ofte fell bort.[6]

I likskap med dei andre urfolkspråka i Costa Rica har ikkje bribri status som offisielt språk, men utdanningsdepartementet har teke på seg oppgåva med å sørgja for undervising og bevaring av språka, og sidan 1989 har bribri vore rekna som eit «lokalt språk» i området sitt.[7] I 1985 vart det vedteke å innføra tospråkleg og tokulturell undervising i reservata, og det vert i dag gjeve grunnleggjande undervising i bribri i desse områda. Det vert òg gjeve kurs i bribri ved Universidad de Costa Rica i hovudstaden San José.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Bribri har sju orale vokalar: to tronge, to nesten-tronge, to halvopne og éin open. Alle unntatt dei to nesten-tronge vokalane har òg ein nasal variant, og nasaliteten er fonemisk. Dette gjev heile tolv vokalfonem.[8]

Orale vokalar Nasale vokalar
Framre Midtre Bakare Framre Midtre Bakre
Tronge i u ĩ ũ
Nesten-tronge ɪ ʊ
Halvopne ɛ ɔ ɛ̃ ɔ̃
Opne a ã

Tonar[endre | endre wikiteksten]

Bribri er eit tonalt språk, det vil seia at ord som elles består av dei same fonema, kan ha ulik tyding avhengig av kva for tonar stavingane vert uttalt med. Amubre-dialekta har fire tonar: låg, høg, fallande og stigande.[9] Den sistnemnde finst obligatorisk med vokalar før glottal plosiv, men kan òg finnast elles. I Coroma og Salitre blir det ikkje skild mellom høg og stigande tone, noko som gjer at desse dialektane har følgjande tre tonem: låg, høg og fallande.[9]

Dei følgjande ordpara er døme på minimale par i Amubre-dialekta som berre vert differensiert av tona:

  • alà («barn») – alá («tore»)
  • ãs (fugleart) – ã̀s («for å»)
  • tö («at») – tö́ («ja»)
  • wak («nedover») – wák («eigar»)
  • bit sinĩ̂ («lang») – bit sinĩ́ («lengd»)

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Bribri har følgjande konsonantfonem; der det finst to fonem saman, er det første ustemt og det andre stemt:[8]

Bilabial Dental/alveolar Postalveolar Velar Glottal
Plosivar p  b t  d k ʔ
Affrikatar/koartikulerte ts͡ tʃ͡  dʒ͡ tk͡
Frikativar s ʃ x
Laterale flappar ɺ

Fonemet //tk͡// i Amubre- og Salitre-dialekta, tilsvarer //ttʃ͡// i Coroma.

I tillegg har språket nasale konsonantar og vibrantar, som ikkje er fonem, men allofonar av dei nemnde fonema, og som finst i følgjande kontekstar:[10]

Allofon Fonem Kontekst
[m] /b/ Før nasal vokal
[n] /d/ Før nasal vokal i slutten av ord etter nasal vokal


[ɲ] //dʒ͡// Før nasal vokal
[ɾ] /d/ I midten av stavingar før oral vokal

i slutten av stavingar etter oral vokal

[r] /d/ Fri variasjon med [ɾ] i kontakt med vokalermed høg eller stigande tone


Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga til dei tre dialektane av bribri

Det er tre hovuddialekter av bribri. I Talamanca vert det tala to dialektar: Amubre-dialekta (eller vestleg), som ein talar i landsbyane Amubre, Katsi, Lari, Urén og Yorkín, og Coroma-dialekta (eller austleg), som ein talar i landsbyane Coroma, Coén, Sepecue og Shiroles. Salitre-dialekta (eller Stillehavsdialekta) vert tala i reservata Salitre og Cabagra i Buenos Aires. Det som skil dialektane frå kvarandre, er i all hovudsak uttalen.

Dei viktigaste skilnadene mellom dei tre dialektane er dei følgjande:[11]

  • Amubre-dialekta er den einaste av dei tre som skil mellom høg og stigande tone.
  • I Coroma fell dei nasale vokalane ã og õ saman til õ; t.d. vert sagt «tid, stad» kṍ, medan det i dei to andre dialektane vert uttalt kã́.
  • I Coroma er det ein tendens til å redusera stavingar med låg eller nøytral tone når dei kjem før ei staving med høg eller fallande tone; f. eks. er «høne» dakarò i Amubre, dekrò i Salitre og krò i Coroma.
  • Uttala av den koartikulerte konsonanten tk/tch er ein annan skilnad. I Amubre og Salitre er ord som chö́k («å seia») og tkö́k («å stikka»)  svært ulike, medan det i Coroma er vanskelegare å skilja mellom chö̀k og tchö̀k.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Skilt på ein restaurant skrive på bribri. Med standard rettskriving skulle det ha vore «Ye' dawè balí wã, ye' mĩ̀ke chkö̀k», som tyder «Eg er svolten, eg går og et».

Bribri hadde ikkje noko skriftspråk før Lingvistisk institutt ved Universidad de Costa Rica utvikla eit alfabet på slutten av 1900-talet. Føremålet med alfabetet er å bruka det både i undervising og forsking. Det er teke omsyn til den høge mengda tospråklege i bribri og spansk, og mange av lydane vert difor representert med same bokstav som i spansk.[12]

Dei tronge vokalane /i/ og /u/ vert skrivne <i> og <u>, og den opne vokalen /a/ vert skriven <a>. Dei halvopne vokalane //ɛ// og //ɔ// vert skrivne <e> og <o>, medan dei nesten-tronge vokalane //ɪ// og //ʊ// blir representerte med dei same to teikna modifisert med tødlar: <ë> og <ö>. Representasjonen av dei nasale vokalane er det einaste det ikkje er semje om; i dei tidlegaste verka vert dei skrive med understrek (t.d. <a>) eller med kvist (t.d. <ą>). I det siste har dei òg vorte skrive med tilde (t.d. <ã>), som i denne artikkelen.

Representasjonen av konsonantane følgjer òg den spanske rettskrivinga så langt det er mogleg. /dermed ver/t/ fonema /s/krive //p//, //b//, /t/, /d, /s/, //x//, //tʃ͡// og //dʒ͡// vert skrive <p>, <b>, <t>, <d>, <s>, <j>, <ch> og <y>. Allofonane [m], [n], [ɲ], [ɾ] og [ɲ] vert òg representert med eigne bokstavar: <m>, <n>, <ñ>, <r> og <rr>. Lydane som ikkje har nokon direkte motpart i spansk, har fått eigne teikn eller bokstavkombinasjonar. Affrikatane //ts͡// og //ttʃ͡// vert høvesvis skrive <ts> og <tts>, medan den koartikulerte konsonanten //tk͡// vert skrive <tk>. Den postalveolare frikativen //ʃ// vert representert med <sh>, og den laterale flappen //ɺ// har fått teikna <l>, sidan språket ikkje har noko /l/-fonem. Den glottale plosiven //ʔ// vert representert med ein apostrof, <'>.

Tonema vert markert med diakritiske teikn over vokalen i den gjeldande stavinga. Høg tone vert markert med grav aksent (<à>), medan fallande tone vert markert med akutt aksent (<á>), motsett av korleis det vert gjort i blant anna det internasjonale fonetiske alfabetet. Stigande tone, som berre finst i Amubre-dialekta, vert markert  (<â>). Låg tone vert ikkje markert.

Morfosyntaks[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiva i bribri vert delt inn i to klasser, menneskelege og ikkje-menneskelege.[13] Dei som viser menneske, tek endinga -pa for å markera fleirtal, medan dei som representerer ikkje-menneskelege ting, ikkje får noko ending i fleirtal.

Nokre få substantiv har uregelrett fleirtalsbøying, slik som alà «barn (eintal)», alàralar «barn (fleirtal)».[14]

Eigarskap vert uttrykt med konstruksjonen eigar + substantiv.[15] Eigaren er ein nominalfrase beståande av substantiv og/eller pronomen:

Einskilde substantiv er uavhendelege, det vil seia at dei aldri kan opptre utan ein eigar.[16] Dette gjeld ord som viser til kroppdelar og deler av ting, plantar, dyr, og så vidare, til dømes chakà («kjøt»), («tann»), jkuö̀ («skinn») og ták («bit»). Viss ein ikkje veit kva eller kven dei tilhøyrer, kan i («noko/nokon») fungera som eigar.

Demonstrativar[endre | endre wikiteksten]

Pronomena

ye' = eg be' = du ie' = han/ho sjå' = vi (inkl.) sa' = vi (ekskl.) a' = dykk ie'pa = dei

Bribri har eit komplekst system med demonstrativ, med heile ti ulike former avhengig av kva objektet dei refererer til er i tilhøve til deltakarane i samtalen.[17] Demonstrativa kjem alltid etter substantivet, til dømes kàl i' («dette treet») og mõ̀ aì («dei skyene»).

  • i' = næraste talaren («denne, dette»)
  • sẽ́ = næraste tilhøyraren («han, det»)
  • ñe' = noko som høyrest, men ikkje blir sett («han, det»)
  • e' = noko som verken høyrst eller blir sett («han, det»)

Nedanfor følgje ei liste over demonstrativ som refererer til ting som kan sjåast, men som ikkje er nær korkje talaren eller tilhøyraren; alle kan omsetjast med «den» eller «det»:

Ikkje så langt unna talaren Langt unna talaren
Ovanfor talaren
På same nivå som talaren
Nedanfor talaren diö́ dià

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Adjektiva i bribri vert bøygde i tre grader: positiv, intensiv og forminskande.[18] Positiv er den grunnleggjande forma. Intensiv vert brukt for å forsterka betydninga, og vert danna ved å leggja suffikset til den grunnleggjande forma, medan den forminskande forma vert danna ved ei fordobling av stammen eller med endinga -tãnẽ.

Berre nokre få adjektiv vert bøygde i fleirtal; dette vert gjort ved ei fordobling av stammen, til dømes bua' «god», bua'bua' «gode».

Talord[endre | endre wikiteksten]

Bribri brukar eit titalssystem. Substantiva er delt inn i ulike klasser, på same måte som dei i mange andre språk er delt inn etter til dømes kjønn. Klasseinndelinga er basert på forma til substantivet, og kjem berre til syne i språket ved at talorda vert bøygde etter klassa til substantivet dei kvantifiserer. I Coroma-dialekta er det registrert ni substantivklasser: menneskelege, runde, flate, avlange, grupper, trær/planter, bananklasar, palmefrukter og gangar.[19] Amubre-dialekta har òg ni klasser, men inndelinga er annleis: menneskelege, runde, flate, avlange, pakkar, klasar, artar, mengder, og dessutan ein samleklasse for blant anna tre, tapirar og navlesvin.[20] Substantiva tilhøyrer ikkje alltid den klassa ein vil forventa; til dømes tilhøyrer fuglar og insekt den flate klassa. Talorda for dei fire meste grunnleggjande klassene er i Coroma-dialekta dei følgjande:

Tal Menneskelege Runde Flate Avlange
1 èköl èk èt ètöm
2 bö́l bö̀k bö̀t bö̀töm
3 mãñã́l mãñã́l mãñã̀t mãñã̀töm
4 tchë́l tchë́l tchë́l tchë̀töm
5 skẽ́l skẽ́l skẽ́l skẽ̀töm
6 tèröl tèröl tèröl tèktöm
7 kúl kúl kúl kùktöm
8 pàköl pàköl pàköl pàktöm
9 sũlĩ̀tu sũlĩ̀tu sũlĩ̀tu sũlĩ̀töm
10 dabòm dabòm dabòm dabòm

Dette gjev til dømes wë́m èköl «éin mann» (menneskeleg), àshali bö̀k «to appelsinar» (runde), urrë̀k mãñã̀t «tre tukanar» (flate) og buà tchë̀töm «fire iguanar» (avlange).

Verb[endre | endre wikiteksten]

Bøygde verbformer[endre | endre wikiteksten]

Verb i infinitiv består av ei stamme, ein tematisk vokal og infinitivsmarkøren -k.[21] Den tematiske vokalen er anten ö (som i chö̀k «å seia») eller ũ (som i kãnẽ̀ũk «å gjera»), og denne avgjer verbet sitt bøyningsmønster. Verba vert òg bøygde ulikt avhengig av om dei er transitive eller intransitive. Dei bøygde verbformene vert anten danna ut frå infinitivsstammen eller frå stammen til forma som vert kalla fjernt perfektum. Nokre av verbformene vert endra når utsegna er nektande.

Nedanfor følgjer eit oversyn over dei ulike verbformene i bribri. Aspekt er den grunnleggjande kategorien, og det vert hovudsakleg skild mellom perfektiv (ei handling som er fullført) og imperfektiv (ei handling som ikkje er fullført).[22] Eit verb i perfektiv vil difor alltid visa til fortid, medan imperfektiv ikkje seier noko om kva tid handlinga fann eller finn stad. Dei tre første formene i lista tilhøyrer kategorien imperfektiv, medan dei tre siste er perfektive.

  • Enkel imperfektiv skildrar ei handling, prosess eller tilstand som ikkje er fullført eller som vert sett på som vedvarande. Ho kan omsetjast med norsk preteritum eller presens, avhengig av samanhengen: awá tsö̀ bua'ë «medisinmannen song bra (før i tida)/medisinmannen syng bra».
  • Habituell/nær framtid skildrar ei handling, prosess eller tilstand som anten er habituell eller kjem til å finna stad i nær framtid: awá tsö̀ke «medisinmannen pleier å synga/medisinmannen skal synga».
  • Evneimperfektiv uttrykkjer at agens har evna til å utføra ei handling: ie' alà ujtó «sonen hans kan gå».
  • Fjern perfektiv' skildrar ei handling, prosess eller tilstand som vart fullført før dagen i dag. Han vert omsett med norsk preteritum: ye tsë' chakì «eg song i går».
  • Nær perfektiv skildrar ei handling, prosess eller tilstand som har vorte fullført etter siste midnatt. Han kan òg omsetjast med norsk preteritum: alà tö ikuwö̀ ñẽ́ ènĩã «barnet åt mais for litt sidan».
  • Førpresensperfektiv' skildrar ei handling, prosess eller tilstand som vart byrja eller fullført i fortida, men som har relevans i ytringsøyeblikket. Han kan omsetjast med norsk perfektum: ye ikítule «eg har skrive».

Det er òg nokre verbformer som uttrykkjer modus framfor aspekt:

  • Imperativ tilsvarer imperativ på norsk og består av infinitivsstammen med søkkande tone på siste vokal: i yawö́! «gjer det!». I nektande imperativ vert infinitivsforma brukt: kë̀ i yawö̀k! «ikkje gjer det!».
  • Potensiell skildrar ei handling, prosess eller tilstand som det er eit høve for at kan finna stad, uavhengig av om det er snakk om fortid eller framtid: awá tsö̀mĩ kalö̀te ã «medisinmannen ville ha sunge på festen/medisinmannen kan koma til å synga på festen».

Verba vert òg bøygde i såkalla «mellomformer», som er ein diatese og minner om passiv i norsk. Språket skil mellom imperfektiv og perfektiv:

  • Imperfektiv skildrar ei habituell handling, prosess eller tilstand: íẽ inĩ̀r bola wa «her spelast det ballet».
  • Perfektiv skildrar ei handling, prosess eller tilstand i fortida: íẽ ĩnĩ̀nẽ bola wa «her vart det spila ball».

Verbendingar[endre | endre wikiteksten]

Bribri har ei lang rekkje endingar som vert lagde til bøygde verbformer for å spesifisera tydinga. Nokre av dei er:[23]

  • -wã, som understrekar slutten av ei handling
  • -ãt, som uttrykkjer å skilje frå
  • -kã, som uttrykkjer rørsle oppover
  • -dö, som uttrykkjer at handlinga held fram fram til eit visst punkt

Partiklar[endre | endre wikiteksten]

Bribri har ei rekkje partiklar som vert brukte i konstruksjonar der mange andre språk nyttar vanlege verb. Desse partiklane vert verken bøygde etter tempus, aspekt eller modus; nokre av dei skil likevel mellom eintal og fleirtal, i motsetnad til verb.

Den uforanderlege partikkelen dör fungerer som kopula:[24]

Ie' dör yë́ria
han KOP jeger
«Han er/var jeger»
Ù dör bulùblulù
hus KOP store
«Husa er/var store»

Infinitivsforma blir brukt som hovudverb i samansette verbformer, slik som progressivt aspekt, som kan dannast med hjelpeverbet tso': ye' tso' i kãnẽ̀ũk = «eg (held på og) gjer det». Tso' er ein ubøyeleg partikkel som vert brukt i tydinga «å vera» i eksistensialsetningar og for å uttrykkja kor noko er eller var.[25] Partikkelen endrar form berre når utsegna er nektande:

Nãmũ̀ tso' ù wö́rkĩ
jaguar PART hus foran
«Det er/var ein jaguar framfor huset»
Nãmũ̀ kë̀ kũ ù wö́rkĩ
jaguar ikke PART hus foran
«Det er/var ikkje ein jaguar framforhuset»

Det finst ei rekkje andre kopulative partiklar som spesifiserer måten noko «er» på, til dømes om det er oppreist, liggjande, flytande, osb. Desse har ein eiga fleirtalsform, sjølv når substantivet ikkje tek noka fleirtalsending.[26]

Talók tër di' jkö
krokodille ligge vatn kant
«Det ligg/låg ein krokodille i vasskanten/Krokodillen ligg/låg i vasskanten»
Talók tchë̀tẽn bö̀töm di' jkö
krokodille ligge to vatn kant
«Det ligg/låg to krokodillar i vasskanten/Dei to krokodillane ligg/låg i vasskanten»

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Bribri er har eit ergativt verbsystem, det vil seia at agens til eit intransitivt verb fungerer syntaktisk og kognitivt på same måte som patiens til eit transitivt verb; denne rolla vert kalla absolutiv. Agens til transitive verb blir på si sida kalla ergativ. I bribri vert ergativ markert med postposisjonen tö. Den faste ordstillinga er absolutiv–verbal, medan ergativ kan koma både før eller etter denne sekvensen, sjølv om det minst markerte er at det kjem før.[27] 

Bribri har postposisjonar, som tilsvarer preposisjonar i mange andre språk.

Nominalfrasene har følgjande grunnleggjande ordstilling: substantiv–adjektiv–kvantifikator–demonstrativ.[28] Det gjev til dømes:

ù spṍpõ mãñã́t wĩ̀
hus grøn tre dei
«dei tre grøne husa»

Munnleg litteratur[endre | endre wikiteksten]

Stig forbi bribribananplantasjar i Amubre

Sidan bribri ikkje fekk noko skriftspråk før på slutten av 1900-talet, har ikkje språket nokon skriftleg litterær tradisjon. Bribriane har likevel ein rik munnleg litterær tradisjon, som alltid har vore den viktigaste måten deira å overlevera kunnskap om deira eiga historie frå generasjon til generasjon på. Dei skil ikkje mellom religion, mytologi og historie; i bribrikulturen vert desse aspekta oppfatta som éin einskild dimensjon, og utgjer det som dei sjølv ser på som forfedrane sine og den sanne historia i verda. Forteljingane definerer korleis medlemmane av kulturen bør oppfatta røyndomen.[29] Dei vert nesten alltid fortald om kvelden, vanlegvis i eit hus, og forteljaren følgjer faste ritual. Tidlegare var det dei såkalla tsökölpa, songarane, som hadde oppgåva med å formidla denne kunnskapen. I dag er det awápa, dei tradisjonelle medisinmennene, som held den munnlege forteljartradisjonen ved like. Likevel er òg mengda awápa søkkande, og ein freistar difor å skriva ned og publisera så mange av forteljingane som mogleg for at desse ikkje skal gå tapt.

Bribriane skil mellom to hovudsjangrar: kṍpàke («det som vert fortalt») og i ttè («det som vert sunge»).[30] Framføringene av «det som vert fortalt» føregår på normal bribri. Forteljingane er svært livaktige takka vera intonasjonen og ei stor mengd lydhermande ord. «Det som vert sunge» vert på si side framført på ein heilt spesiell måte: det vert brukt spesielle bribri-ord som ikkje finst i andre samanhengar, det vert lånt inn ord frå andre indianske språk, og det vert teke i bruk verkemiddel som melodi og forlenging av vokalane i slutten av visse ord. Den grunnleggjande grammatiske strukturen vert likevel ikkje endra. Midt i historiene finst det ofte nokre linjer i ein eigen «resiterande» sjanger, der ein ytrar namnet til stadar eller personar. På grunn av den spesielle forma til songane er dei ofte vanskelege å forstå, og kṍpàke er i røyndomen forenklinger av desse.[31]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jara og García (2009), s. 42.
  2. Jara og García (2009), s. 66.
  3. Dei chibchanske språka er tatt med i Joseph Greenberg sin hypotese om makrochibchanske språk, og seinere i Adolfo Constenla Umaña sin hypotese om lenmichíspråk.
  4. Constenla Umaña (2008), s. 125.
  5. Constenla (2004), s. vii; Quesada (2007), s. 34.
  6. 6,0 6,1 Margery (1990).
  7. Quesada Pacheco (2000), ss. 20–21.
  8. 8,0 8,1 Constenla (2004), s. ix.
  9. 9,0 9,1 Constenla (2004), s. xi.
  10. Constenla (2004), ss. x–xv.
  11. Jara og García (2009), ss. 10–11.
  12. Margery (1982), ss. xv–xxiv.
  13. Constenla (2004), s. 7.
  14. Jara og García (2009), s. 16.
  15. Jara og García (2009), s. 31.
  16. Jara og García (2009), ss. 31–32.
  17. Jara og García (2009), s. 34.
  18. Margery (1986), s. xxix.
  19. Jara og García (2009), s. 78.
  20. Margery (1982), s. xxvii.
  21. Margery (1982), ss. xlviii.
  22. Jara og García (2009), s. 53.
  23. Jara og García (2009), s. 137.
  24. Constenla (2004), ss. 2–3.
  25. Jara og García (2009), ss. 90–91.
  26. Jara og García (2009), ss. 91–92
  27. Constenla (2004), s. 17.
  28. Margery (1982), s. xxxi.
  29. Jara og García (1997), s. 4.
  30. Jara og García (1997), s. 8.
  31. Jara (1993), s. 32.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Constenla Umaña, Adolfo; Feliciano Elizondo Figueroa; Francisco Pereira Mora (1998). Curso básico de bribri. San José, Costa Rica: Editorial de la Universidad de Costa Rica. 
  • Constenla Umaña, Adolfo (1991). Las lenguas del área intermedia: Introducción a su estudio areal. San José, Costa Rica: Editorial de la Universidad de Costa Rica. 
  • Constenla Umaña, Adolfo (2008) «Estado actual de la subclasificación de las lenguas chibchenses y de la reconstrucción fonológica y gramatical del protochibchense» – Estudios de Lingüística Chibcha, nr. 27, s. 117–135.
  • García Miguel (1999) «La expresión de actantes centrales en español (romance) y bribri (chibcha): tipología, discurso y cognición» – Actas do 1º Encontro de Lingüística Cognitiva, s. 101–121.
  • Jara Murillo; Carla Victoria (1993). I ttè. Historias bribris. San José, Costa Rica: Editorial de la Universidad de Costa Rica. 
  • Jara Murillo (2013) «Morfología verbal de la lengua bribri» – Estudios de Lingüística Chibcha, nr. 32, s. 95–152.
  • Jara Murillo; Carla Victoria; Alí García Segura (1997). Kó késka. El lugar del tiempo. San José, Costa Rica: Editorial de la Universidad de Costa Rica. 
  • Jara Murillo; Carla Victoria; Alí García Segura (2009). Se' ẽ' yawö bribri wa. Aprendemos la lengua bribri. San José, Costa Rica: Universidad de Costa Rica – UNICEF. 
  • Jara Murillo; Carla Victoria; Alí García Segura (2013). Se' ttö́ bribri ie. Hablemos en bribri. San José, Costa Rica: E-Digital. 
  • Krohn, Haakon Stensrud (2014) «Semántica de los clasificadores numerales en el bribri de Coroma» – Estudios de Lingüística Chibcha, nr. 33, s. 209–239.
  • Margery Peña, Enrique (1982). Diccionario fraseológico bribri–español español–bribri. San José, Costa Rica: Editorial de la Universidad de Costa Rica. 
  • Margery Peña, Enrique (1990) «Estados de conservación de las lenguas indígenas de Costa Rica frente al español». Seminario sobre Identidad y Modernidad. Nuevos modelos de relaciones culturales. Barcelona, 27.–30. november 1990.
  • Quesada, J. Diego (2007). The Chibchan languages. Cartago, Costa Rica: Editorial Tecnológica de Costa Rica. 
  • Quesada Pacheco (2000) «Situación actual y futuro de las lenguas indígenas de Costa Rica» – Estudios de Lingüística Chibcha, nr. 28–29, s. 7–34.
  • Sánchez Avendaño, Carlos (2009) «La voz media en bribri y la hipótesis de la elaboración relativa de los eventos» – Estudios de Lingüística Chibcha, nr. 28, s. 47–73.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]