Jon Hiseman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Hiseman
Jon Hiseman (2015).jpg
Jon Hiseman med Colosseum i Pratteln (Sveits) i 2015
Fødd21. juni 1944 (75 år)
FødestadLondon, England
Død12. juni 2018
DødsstadLondon Borough of Sutton
FødenamnPhilip John Hiseman
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1965
SjangerBluesrock, jazzfusion, jazz, progressiv rock
Instrumenttrommer, perkusjon
Tilknytte artistarColosseum, Tempest, Colosseum II, John Mayall, Graham Bond Organisation
PlateselskapDecca
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent, lydteknikar,

Philip John «Jon» Hiseman (fødd 21. juni 1944) er ein engelsk trommeslagar, lydteknikar, plateprodusent og musikkutgjevar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1960-åra spelte Hiseman på innspelingar som Arthur Brown-singelen «Devil's Grip». I 1966 erstatta han Ginger Baker i Graham Bond Organisation[1] og han spelte ei kort stund med Georgie Fame and the Blue Flames. Han vart så med i John Mayall & the Bluesbreakers i 1968 og spelte på albumet Bare Wires. I april 1968 slutta han for å skipe det kritikarroste jazzrock/progressiv rock-bandet Colosseum.[2][3] Colosseum vart oppløyst i november 1971[4] sjølv om Hiseman seinare skipa Colosseum II med Don Airey og Gary Moore i 1975.

Jon Hiseman 2010

Mellom desse to versjonane av Colosseum, skipa Hiseman bandet Tempest med Allan Holdsworth, Paul Williams og Colosseum-kollega Mark Clarke.

Hiseman har sidan spelt i jazzgrupper, mellom anna med kona si, saksofonisten Barbara Thompson, som han har spelt og produsert femten album. Andrew Lloyd Webber leia etter ein «sound» for eit album med broren Juliancello, og kom tilfeldigvis over Colosseum II og henta inn heile bandet til å spele på «Variations»-prosjektet sitt. Dette var starten på eit tiårig samarbeid med Hiseman, som spelte trommer på innspelingar, TV-program og musikalar.

I 1982 bygde Hiseman sitt eige innspelingsstudio i heimen sin, og i lag med Barbara Thompson spelte han mykje musikk for film og fjernsyn der. Hiseman var med å skipe United Jazz and Rock Ensemble, eit tysk-basert «Band of Band Leaders», i lag med Barbara Thompson.

Colosseum kom saman att i jun i1994 med den same besetninga som hadde blitt oppløyst 23 år tidlegare. Dei spelte på Freiburg Zelt Musik Festival og følgde opp med ein tysk TV-spesial i oktober, som vart innspelt og gjeve ut på CD og VHS. Konserten kom ut på DVD i 2003. Fleire nye studioinnspelingar følgde, i tillegg til nyutgjevingar av dei gamle albuma deira.

Barbara Thompson kom med i bandet før Dick Heckstall-Smith døydde i 2004 og har sidan vore eit permanent medlem av bandet. Colosseum spelte ein farvellkonsert den 28. februar 2015.

I oktober 2010 kom biografien til Jon Hiseman, kalla Playing the Band. Han var skriven av Martyn Hanson og redigert av den opphavlege Colosseum-manageren, Colin Richardson.[5]

I 2017 skipa Jon Hiseman ein ny trio kalla JCM. Bandet spelt einn albumet Heroes seint 2017 og det kom ut i april 2018. JCM la ut på turné same månaden. Andre medlemmar i bandet er gitaristen/vokalisten Clem Clempsson og bassisten og vokalisten Mark Clarke.

I mai 2018 vart det kjend at Hiseman sleit med ein hjernesvulst.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Jack Bruce[endre | endre wikiteksten]

Med Colosseum[endre | endre wikiteksten]

Hyllestalbum[endre | endre wikiteksten]

Med Tempest[endre | endre wikiteksten]

  • Tempest – (1973)
  • Living in Fear – (1974)
  • Under The Blossom: The Anthology – (2005)

Med Colosseum II[endre | endre wikiteksten]

Med United Jazz + Rock Ensemble[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Med JCM[endre | endre wikiteksten]

  • Heroes – (2018)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hanson, Martyn: Playing The Band - The Musical Life of Jon Hiseman, 2010, London, Temple Music Books, ISBN 978-0-9566863-0-5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Interview:Jon Hiseman (Colosseum, Tempest, Graham Bond, Jack Bruce)». Hit-channel.com. Henta 12. juni 2018. 
  2. «Review: «Colosseum: The Complete Reunion Concert Cologne 1994 (DVD)»». SeaOfTranquility.org. 29. desember 2005. Henta 12. juni 2018. 
  3. «COLOSSEUM II music, discography, MP3, videos and reviews». ProgArchives. Henta 12. juni 2018. 
  4. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 232. CN 5585. 
  5. «Book Review; Playing The Band-The Musical Life of Jon Hiseman by Martyn Hanson». The Jazz Mann. Henta 12. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jon Hiseman