Dick Heckstall-Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dick Heckstall-Smith
Dick Heckstall-Smith.jpg
Fødd26. september 1934(1934-09-26)
FødestadLudlow i Shropshire i England
Død17. desember 2004 (70 år)
DødsstadHampstead i London i England
FødenamnRichard Malden Heckstall-Smith
OpphavStorbritannia
Aktiv1962–2001
SjangerBluesrock, post bop, jazzfusion
InstrumentSaksofon, piano, klarinett
Tilknytte artistarBlues Incorporated, The Graham Bond Organization, John Mayall, Colosseum
Verka somMusikar

Richard Malden Heckstall-Smith (26. september 193417. desember 2004) var ein engelsk jazz- og bluessaksofonist.[1] Han spelte med somme av dei mest innverknadstunge engelske bluesrock- og jazzfusionbanda i 1960- og 1970-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Heckstall-Smith var eit aktivt medlem i jazzmiljøet i London frå seint i 1950-åra (inkludert ein seks månader lang periode frå desember 1957 med bandet til klartinettisten Sandy Brown).[2] Han vart medlem av Blues Incorporated, det banebrytande bluesbandet til Alexis Korner, i 1962 og spelte på R&B from the Marquee. Året etter var han med å skipe ein avleggjar av dette bandet, The Graham Bond Organisation. Denne besetninga inneheldt òg to framtidige medlemmar frå supergruppa Cream: bassisten Jack Bruce og trommeslagaren Ginger Baker.

I 1967 vart Heckstall-Smith medlem av bluesrockbandet til John Mayall, Bluesbreakers. Denne jazz-orienterte utgåva av bandet inkluderte òg trommeslagaren Jon Hiseman, bassisten Tony Reeves og den framtidige Rolling Stones-gitaristen Mick Taylor. Dei gav ut albumet Bare Wires i 1968.

Frå 1968 til 1971 spelte Heckstall-Smith, Hiseman og Reeves i lag i det banebrytande jazzrockbandet Colosseum. Her fekk Heckstall-Smith høvet til å vise seg fram som ein virtuos saksofonist, og spelte til dømes på to saksofonar samstundes.[1]

Etter å ha slutta i Colosseum, spelte Heckstall-Smith inn soloalbum og fronta og spelte i fleire andre fusion-grupper, som Manchild, Sweet Pain, Big Chief, Tough Tenors, The Famous Bluesblasters, Mainsqueeze og DHSS. Blant musikarar som gjekk igjen i desse gruppene finn ein mellom andre Victor Brox, Keith Tillman og munnspelspelaren John O'Leary, som var med å skipe Savoy Brown.

Heckstall-Smith deltok i eit gjenforeint Colosseum i 1990-åra og spelte i det hardtarbeidande Hamburg Blues Band. I 2001 spelte han på prosjektet Blues and Beyond, i lag med Mayall, Bruce, Taylor, og Fleetwood Mac-gitaristen Peter Green.

Heckstall-Smith publiserte ein sjølvbiografi, The Safest Place in the World, i 1984; og ei utvida utgåve kalla Blowing the Blues, kom ut i 2004.[2] Han døydde 70 år gammal i 2004, på grunn av akutt leversvikt.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Blues and Beyond (2001)
  • Obsession Fees, with John Etheridge group (R&M (Tyskland), 1998)
  • Celtic Steppes (33 Jazz)
  • On the Corner/Mingus in Newcastle (33 Jazz, 1998)
  • Bird in Widnes, with John Stevens (Konnex, 1995)
  • This That, with Jack Bruce and John Stevens (Atonal, 1995)
  • Celtic Steppes (Twentythree, 1995)
  • Where One Is (1991)
  • Live 1990, with John Etheridge, Rainer Glas, Joe Nay (L+R, 1991)
  • Woza Nasu (Aura, 1991)
  • A Story Ended (Bronze, 1972)
  • Solid Bond with Graham Bond Organisation (Warner Bros, double album, May 1970)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Safest Place in the World: A Personal History of British Rhythm and Blues (Quartet, 1984, ISBN 978-0704326965)
  • Blowing the Blues: Fifty Years Playing the British Blues, with Pete Grant (Clear Books, 2004, ISBN 978-1904555049)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]