Handbags and Gladrags

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Handbags and Gladrags
Singel av Chris Farlowe
B-side «Everyone Makes A Mistake»
Utgjeve 17. november 1967
Innspelt Tidleg 1967
Sjanger Rhythm and blues, blue-eyed soul
Lengd 3:30
Selskap Immediate
Låtskrivar(ar) Mike d'Abo
Produsent Mike d'Abo
Chris Farlowe-kronologi
«Moanin'»
(1967)
Handbags and Gladrags «Paint It Black»
(1968)


«Handbags and Gladrags» er ein song skriven i 1967 av Mike d'Abo, som då var frontmann i Manfred Mann. D'Abo skildra songen som «å sei til ei tenåringsjente at vegen til lukka ikkje er gjennom å vere trendy. Det finst djupare verdiar».[1]

Den originale demoen av songen vart oppdaga i 2004 i skapet til Mo Foster.[2]

Chris Farlowe-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I november 1967 vart songaren Chris Farlowe den første som gav ut ein versjon av songen, produsert av Mike d'Abo.[3] Han nådde 33. plassen på singellista i Storbritannia for Immediate Records. Songen er arrangert med eit pianoriff av Dave Greenslade i bluesskala. Songen kom ut på Farlow-albumet The Last Goodbye i 1969.[4]

Rod Stewart-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Handbags and Gladrags
Singel av Rod Stewart
frå albumet An Old Raincoat Won't Ever Let You Down
B-side «Man of Constant Sorrow»
Utgjeve 1972
Lengd 4:24
Selskap Mercury
Låtskrivar(ar) Mike d'Abo
Produsent Lou Reizner
Rod Stewart-kronologi
«Dirty Old Town»
(1971)
Handbags and Gladrags «You Wear It Well»
(1972)


I 1969 spelte Rod Stewart inn ein versjon for albumet An Old Raincoat Won't Ever Let You Down. Denne versjonen av songen vart arrangert av Mike d'Abo, som òg spelte piano på innspelinga. Songen selde heller dårleg og vart lite spelt på radio i USA, men då han kom ut att på singel i 1972, klarte han å gå in på Billboard Hot 100, og nådde 42. plassen i mars. I 1993 spelte Stewart inn ein live-versjon av songen for MTV Unplugged. Denne versjonen finst på albumet Unplugged...and Seated.

Sjølv om han aldri vart ein hitsingel for Stewart i Storbritannia, vart han igjen populær då han vart nytta i fjernsynsserien The Office og Stereophonics tok han inn på singellita. Han framførte «Handbags and Gladrags» (med Phil Collins på trommer) som den einaste songen hans på Party at the Palace i 2002.

Chase-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1971 gav Bill Chase og jazzrockfusion gruppa hans Chase spelte inn ein versjon på singel. Han vart òg gjeven ut på debutalbumet deira Chase i 1971. Songen vart sungen av Ted Piercefield.

Stereophonics-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Handbags and Gladrags
Singel av Stereophonics
frå albumet Just Enough Education to Perform
B-side «First Time Ever I Saw Your Face»
«How?»
Utgjeve 3. desember 2001
Innspelt 2001
Sjanger Softrock
Lengd 4:46
Selskap V2
Låtskrivar(ar) Mike d'Abo
Produsent
  • Laurie Latham
  • Stereophonics
Stereophonics-kronologi
«Step on My Old Size Nines»
(2001)
Handbags and Gladrags «Vegas Two Times»
(2002)


I 2001 gav det walisiske rockebandet Stereophonics ut ein versjon av songen på singel. Han vart sidan gjeven ut på nyutgjevinga av albumet Just Enough Education to Perform.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD 1[6]
# Tittel Lengd
1. «Handbags and Gladrags»    
2. «First Time Ever I Saw Your Face»    
3. «How?»    
CD 2[7]
# Tittel Lengd
1. «Handbags and Gladrags» (Live akustisk versjon)  
2. «Caravan Holiday» (Live akustisk versjon)  
3. «Nice to be Out» (Live akustisk versjon)  
7" vinyl[8]
# Tittel Lengd
1. «Handbags and Gladrags»    
2. «First Time Ever I Saw Your Face»    
Maxi-CD[9]
# Tittel Lengd
1. «Handbags and Gladrags»    
2. «First Time Ever I Saw Your Face»    
3. «How?»    
4. «Caravan Holiday» (Live akustisk versjon)  
5. «Nice to be Out» (Live akustisk versjon)  
Kassett[10]
# Tittel Lengd
1. «Handbags and Gladrags»    
2. «First Time Ever I Saw Your Face»    

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Stereophonics[11]
Andre[11]

Teknisk[11]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2001-2002) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[12] 9
Irland (IRMA)[13] 3
Nederland (Mega Single Top 100)[14] 57
Skottland (Official Charts Company)[15] 3
UK Singles (Official Charts Company)[16] 4

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[17] Gull 400 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

År Artist Type
1967 Chris Farlowe Singel
1967 Double Feature Singel
1968 Love Affair Album
1969 Kate Taylor Album & singel
1969 The Rationals Album (CREWE CR-1334)
1969 Rod Stewart Album
1971 Chase Album & singel
1971 Gary Burton Album
1971 Jimmy Witherspoon Album
1973 Jon English Singel
1974 Mike D'Abo Album
1975 Chris Farlowe Album (konsertopptak)
1977 Kirka Babitzin Album
1992 Mary Coughlan Album
1993 Rod Stewart Album (akustisk versjon)
2001 Stereophonics Singel
2002 Rod Stewart Album (konsertopptak)
2003 Manfred Mann Album
2004 Royal Philharmonic Orchestra Album
2005 Chris Farlowe Album (konsertopptak)
2005 Dark One Lite Album
2007 Engelbert Humperdinck Album
2007 Waysted Album
2007 Jonathan Sass Album
2008 Jackie Trent Album
2008 Ol' Cheeky Bastards Album
2008 Karl Jenkins Album

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Goodman, Chris (9. februar 2003). «From Gladrags to Riches». Sunday Express (Express Newspapers). s. 66. 
  2. «Hidden Gems & Treasured Friends». Angel Air Records. Henta 7. juni 2009. 
  3. «Chris Farlowe - Handbags And Gladrags / Everyone Makes A Mistake - Immediate - UK - IM 065». 45cat. Henta 29. mai 2018. 
  4. «The Last Goodbye - Chris Farlowe | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 29. mai 2018. 
  5. «Just Enough Education To Perform [Extra Tracks]». Stereophonics. Amazon.com. 1. juli 2006. Henta 29. mai 2018. 
  6. «Stereophonics – Handbags And Gladrags». Discogs. Henta 29. mai 2018. 
  7. «Stereophonics – Handbags And Gladrags (Acoustic CD)». Discogs. Henta 29. mai 2018. 
  8. «Stereophonics – Handbags And Gladrags». Discogs. Henta 29. mai 2018. 
  9. «Stereophonics – Handbags And Gladrags». Discogs. Henta 29. mai 2018. 
  10. «Handbags & Gladrags [CASSETTE]». Stereophonics. Amazon.com. 2001. Henta 29. mai 2018. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Decade in the Sun (CD). Stereophonics. V2 Records. 2008. 
  12. "Ultratop.be – Stereophonics – Handbags and Gladrags" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  13. "The Irish Charts – Search Results – Handbags and Gladrags". Irish Singles Chart.
  14. "Dutchcharts.nl – Stereophonics – Handbags and Gladrags" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  15. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  16. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  17. «Certified Awards - Search by parameters». BPI. 22. juli 2013. Henta 29. mai 2018.  Merknad: Må søkje etter «Stereophonics» manuelt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]