Christian Karembeu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Karembeu
Christian Karembeu.jpg
Fødd 3. desember 1970
Lifou

Christian Karembeu (fødd 3. desember 1970) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Lifou i Ny-Kaledonia, som vart verdmeister med Frankrike i 1998 og same året vann Meisterligaen med Real Madrid. I tida 1992-2002 deltok han i 53 landskampar for Frankrike og skåra eitt mål.

Sidebacken/kantspelaren Karembeu var Nantes-spelar i fem sesongar til 1995. Dei neste to sesongane spelte han på italienske Sampdoria, før han i tre sesongar var knytt til Real Madrid. Han var med på meisterligatriumfen til Real i 1998, men var vraka då Real atter vann Meisterligaen i 2000. Etter å ha spelt ein sesong i engelske Middlesbrough FC spelte han i tida 2001-04 på greske Olympiakos Pireus. Han avslutta karrieren med spel i sveitsiske Servette Geneve og i Bastia i 2004 og -05.

Karembeu debuterte på Frankrike sitt landslag i november 1992, men det var fyrst i 1994 han kom inn i fyrsteellevaren. Han var med i fotball-EM 1996, VM i fotball 1998 og fotball-EM 2000. Både i EM 1996 og VM 1998 på heimegrunn presterte han godt. Høgdepunktet var VM-finalen 12. juli 1998, der Frankrike vann 3-0 over Brasil; Karembeu spelte då på venstrekanten til han vart bytta ut etter å ha fått gult kort då kampen var 56 minuttar gammal. Sitt einaste landslagsmål skåra Karembeu då han i ein VM-kvalifiseringskamp i Bucuresti gav Frankrike leiinga 1-0.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]