David Trézéguet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Trézéguet
David Trezeguet became Save the Dream Ambassador, 2017.jpg
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. oktober 1977
Rouen
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

David Sergio Trézéguet (fødd 15. oktober 1977) er ein argentinsk-fransk tidlegare fotballspelar fødd i Rouen, som i 1998 vart verdsmeister og i 2000 europameister med Frankrike sitt landslag. Han vart elles seriemeister i Frankrike med AS Monaco og i Italia med Juventus.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Trézéguet er son til ein argentinsk fotballspelar som ei tid var aktiv i Frankrike. Sjølv spelte han på argentinske Platense til han 1995 vart overført til AS Monaco i Frankrike. Fyrst i 1997/98-sesongen fekk han sitt gjennombrot i Monaco og danna då eit framifrå spisspar i lag med Thierry Henry. Frå sommaren 2000 var Trézéguet Juventus-spelar i ti år. I 2002 var han med å vinne den italienske serien, samstundes som han var toppskårar i same og att på til vart kåra til årets spelar i Italia. Også i 2003 vart han seriemeister med laget frå Torino, ein sesong han var einn del plaga med skade. Våren 2005 tok Juventus heim seriemeisterpokalen, ein prestasjon klubben gjentok i 2006 etter Trézéguet hadde hatt ein stor sesong som midtspiss. Men då Juventus og fire andre klubbar vart avslørt og dømde for kampfiksing, vart Juventus frådømd dei to seriemeistertitlane og måtte ned i Serie B. Trézéguet var ein av få toppspelarar som vart verande att i Juventus og syrgde for at klubben rykte oppatt i Serie A. Etter 2008 var han plaga med ein lyskeskade og fekk mindre speletid. Totalt spelte han 245 ligakampar og skåra 138 ligamål for Juventus. Sidan var han 2010/11-sesongen aktiv i den spanske klubben Hércules CF, utan han kunne hindre klubben å rykke ned. Frå 2011 til -14 var han i tilbake i heimlandet, der han i to sesongar gjorde teneste i River Plate og ein i Newell's Old Boys.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Trézéguet fekk sin landslagdebufor Frankrike i januar 1998. Under verdsmeisterskapen på fransk heimebane nokre månader seinare deltok han i seks av kampane, dei fleste som innbytar. I finalen mot Brasil vart han derimot sitjande på reservebenken til fløyta gjekk for full tid. Under Fotball-EM 2000 skåra han eitt av måla då Frankrike slo vertslandet Nederland 3-2, før han så i EM-finalen mot Italia vart bytt inn og 13 minuttar ut i fyrste ekstraomgang avgjorde EM med «golden goal». Trézéguet var også i fyrsteellevaren då Frankrike tok seg til kvartfinalane i EM i fotball 2004, der det vart tap for Hellas, den komande europameisteren. Han vart mindre nytta på det franske laget som tok seg til finalen i Fotball-VM 2006, men vart som i EM 2000 bytta inn under finalen. Då det stod 1-1 etter 120 minuttars spel vart kampen avgjort med straffeskyting, der han var den einaste eksekutøren som mislukkast, noko som resulterte i italiensk triumf. Trézéguet stoppa opp med 71 landskampar, den siste i mars 2008, og heile 34 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1998 for Frankrike
  • Europameister: 2000 for Frankrike
  • VM-sølv: 2006 for Frankrike
  • Fransk seriemeister: 2000 med AS Monaco
  • Italiensk seriemeister: 2002 og 2003 med Juventus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]