Zinédine Zidane
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Zinédine Yazid Zidane | ||
Fødselsdato | 23. juni 1972 | ||
Fødestad | Marseille i Frankrike | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid (trenar) | ||
Nummer |
5 (Real Madrid) 21 (Juventus) 10 (Frankrike) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1989-1992 | Cannes | 61 | (6) |
1992-1996 | Bordeaux | 139 | (26) |
1996-2001 | Juventus | 151 | (24) |
2001-2006 | Real Madrid | 155 | (37) |
Totalt | 506 | (95) | |
Landslag | |||
1994-2006 | Frankrike | 108 | (31) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Zinédine Yazid Zidane (fødd 23. juni 1972 i Marseille) er ein tidlegare fransk fotballspelar. Han spelte for den spanske klubben Real Madrid og det franske landslaget og vart rekna som ein av dei beste på begge laga, og i verda generelt. Han har i fleire år fått tittelen årets spelar, og vert av mange sett på som ein av de beste spelarane gjennom tidene. Han var med på å sikre Frankrike gull både i VM 1998 og EM 2000.
Zinedine Zidane var den første som brukte «zidane-finta», og vert rekna som skaparen av henne.
Med Real Madrid har han vunne Champions League i sesongen 2001/2002 og det spanske meisterskapet i 2002/2003.
Han har tidlegare spelt for den italienske klubben Juventus der han var med på vinne Serie A i 1996/1997. Før han kom til Juventus, spelte han for dei franske klubbene AS Cannes og Bordeaux.
Tre gonger har han vorte kåra til den beste fotballspelaren i verda (1998, 2000 og 2003). Han har fått utmerkinga som den nest beste spelaren nokon sinne i Europa (etter Johan Cruijff).
Zidane er muslim med algeriske røter. I tillegg til å utmerke seg som fotballspelar, har Zidane òg vist sterkt sosialt engasjement. Ein gong i året spelar han ein kamp der dei beste spelarane i verda deltar og inntektene går til fattige barn i Afrika.
Zidane fortalte 17. januar 2006 at han hadde bestemt seg for å legge opp etter fotball-VM i Tyskland, eitt år før kontrakten hans går ut.
Fotball-VM i 2006
[endre | endre wikiteksten]Zidane scora 3-1-målet for Frankrike mot Spania på overtid i åttandedelsfinalen i VM 2006 i Tyskland.
Frankrike kom til finalen mot Italia. Dette var ein særs jamn kamp som vart avgjort med straffespark. I andre ekstraomgang vart Zinedine Zidane utvist for å ha skalla ned motstandaren Marco Materazzi. Årsaka til skallinga skal ha vore at Materazzi snakka stygt om familien til Zidane fleire gonger. Dette er vorte stadfesta av begge under intervju.[1] Tass i dette kåra FIFA han til den beste spelaren i VM 2006.
Zidane fekk tre kampar karantene og 40 000 kr i bot. Sidan Zidane hadde lagt opp, foreslo franskmannen å gjere tre dagars arbeid for FIFA sine aktivitetar for barn og unge.[2]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bloggen til Zidane
- Zidane.com Arkivert 2016-01-11 ved Wayback Machine.
- Offisiell video i samband med Gullballen Arkivert 2006-07-18 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zinedine Zidane» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vg.no - Dette sa Materazzi til Zidane 18.08.07
- ↑ Bertil Valderhaug (10. juli 2006). «Ut i skam». Stavanger Aftenblad. Henta 16. juli 2006.