Christophe Dugarry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christophe Dugarry
Christophe Dugarry 2007.jpg
Fødd 24. mars 1972
Lormont
Christophe Dugarry på Commons

Christophe Jérôme Dugarry (fødd 24. mars 1972) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Lormont i Gironde-departmenet som vart verdsmeister i 1998 og europameister i 2000 med Frankrike.

Angrepsspelaren Dugarry spelte periodane 1988-96 og 2000-03 på Girondins Bordeaux, ein klubb han vann den franske ligacupen 2002 med. Både i 1996 og 1999 måtte han nøye seg med sølvmedalje i UEFA-cupen, fyrst med Bordeaux og så med Olympique Marseille. Han var elles innom utanlandske klubber som AC Milan og spanske FC Barcelona og engelske Birmingham City, utan nemneverdig suksess. I 2005 la han opp etter eit kortare tilhald i Qatar.

Dugarry deltok i 55 landskampar for Frankrike og skåra åtte mål. Debuten kom 26. mai 1994 mot Australia. To år seinare vart han matchvinnar mot Romania under fotball-EM 1996. Han spelte på Frankrikes lag både i VM-finalen på heimebane i 1998 og i EM-finalen 2000 i Rotterdam. Under VM i fotball 2002 spelte han i Sør-Korea sine aller siste landskampar med eit mannskap som reiste heim frå turneringa utan å ha makta opne skåringskontoen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]