DS «Richard With»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om hurtigruteskipet frå 1909. For hurtigruteskipet frå 1993 med same namn, sjå MS «Richard With».
DS «Richard With»
DS Richard With i Svolvær.jpg
DS «Richard With» i Svolvær, februar 1910.
Foto: Anders Beer Wilse
Karriere
Type: laste- og passasjerskip
Eigar: Vesteraalens Dampskibsselskab
Rute: Hurtigruta
Verft: Trondhjems Mekaniske Værksted
Verftsnummer: 136
Jomfrutur: 1909
Kallenamn: MFQT / LERM
Lagnad: Krigsforlis i 1941
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 905 tonn
Lengd: 62,5 m
Dekkbreidde: 8,8 m
Djupgang: 4,9 m
Fart: 13 knop

DS «Richard With» var eit skip som vart overlevert Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) den 24. juni 1909. Skipet hadde byggnummer 136 ved Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV). DS «Richard With» gjekk i fast rotasjon i hurtigruta frå 1909 til 1941, då skipet vart torpedert og senka av ein britisk ubåt. 99 personar omkom.

Skipet var kalla opp etter direktøren i reiarlaget, Richard With, som vert omtala som «far til Hurtigruta».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Våren 1907 løyvde Stortinget midlar til å opprette ei fjerde vekeviss hurtigrutesegling frå Bergen til Vadsø. Vesteraalens Dampskibsselskab tilbaud seg å drive ruta med DS «Andenæs», som på den tida var avløysarskip for DS «Vesteraalen», men ruta vart tildelt Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS). Desse reiarlaga hadde til då drive Finnmarkruten Tromsø - Vadsø som no vart ein del av den regulære hurtigruta. Vesteraalens Dampskibsselskab valde likevel å kontrahere eit nytt hurtigruteskip for å avløyse DS «Vesteraalen». Kontrakten gjekk til Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV) i Trondheim og kontraktssummen var på 398 000 kroner. Overleveringa vart forseinka med over tre veker på grunn av ein streik og fann ikkje stad før den 24. juni 1909.

I hurtigruta[endre | endre wikiteksten]

I slutten av juni 1909 vart DS «Richard With» sett inn i fast rotasjon i hurtigruta mellom Trondheim og Tromsø, og erstatta DS «Vesteraalen». I 1911 vart den 5. regelmessige vekesseglinga oppretta, og Vesteraalens Dampskibsselskab fekk kontrakten. DS «Richard With» vart no sett inn på ruta Bergen - Vadsø, og frå 1914 Bergen - Kirkenes. Den 23. februar 1913 gjekk skipet på grunn ved Gibostad i Troms. Skipet vart deretter trekt av grunnen og reparert. Den 8. juli 1919 gjekk skipet på eit undervasskjer i tett tåke ved Rongevær i Austrheim, Hordaland. «Richard With» vart trekt av skjeret av bergingsbåten DS «Jason», og var tilbake i hurtigruta etter reparasjonar. 18. august 1938 mista skipet propellen i Aust-Finnmark, men vêret var bra og situasjonen vart ikkje kritisk. Skipet måtte slepast frå Honningsvåg til Trondheim for å vølast.

Etter utbrotet av andre verdskrigen i september 1939 vart to av dei regelmessige hurtigruteseglingane innstilt. DS «Richard With» låg difor to månader i opplag hausten 1939. Etter angrepet på Noreg i 1940 vart alle hurtigruteavgangar innstilde ei tid, men vart seinare gjenopptekne med Mosjøen som sørlegaste hamn.

Den 5. mai 1940 var «Richard With» på veg til Harstad då tyske bombefly gjekk til åtak. Kapteinen valde å sette skipet på grunn for å unngå tap av menneskeliv, men dei tyske flya lukkast ikkje i å treffe skipet. «Richard With» vart seinare trekt av grunnen og reparert i Trondheim.

13. september 1941 sigla DS «Richard With» i sørgåande retning mellom Honningsvåg og Hammerfest. Ved Rolvsøy klokka 11:00 avfyrte den britiske ubåten HMS «Tigris» ein torpedo mot skipet utan å treffe. Ubåten avfyrte endå ein torpedo, denne trefte DS «Richard With» midtskips. Skipet brotna i to og sokk i løpet av få minuttar. 31 menneske vart redda av fiskeskøyta «Skolpen» som var i nærleiken, men 99 menneske omkom.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dag Bakka jr. - Hurtigruten, sjøveien mot nord (side 61). Seagull Publishing 2003 - ISBN 82-91258-17-1
  • Mike Bent - Coastal Express: The Ferry to the Top of the World (engelsk). Conway Maritime Press Limited, 1987. ISBN 0-85177-446-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]