DS «Ternen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Ternen.jpg
DS Ternen i ein islagt Bundefjorden nær Oslo i 1902.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ternen»
Eigar: A/S Ternen
1923: HSD
Overdratt: 1923 av HSD
Verft: Thorskog mek. Verkstad i Göteborg
Verftsnummer: 137
Sjøsett: 1897
Teke ut av teneste: 1957
Kjennemerke: HPFN/LFBC
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 109 brt, 41 nrt
Lengd: 86,1 fot (26,2 m)
Breidd: 17,0 fot (5,2 m)
Djupgang: 9,9 fot (3,0 m)
Installert effekt : 22 nhk
Framdrift: Dobbelsylindra kompoundmaskin (Thorskog)
Fart: 9 knop
Generelle mål etter ombygging i 1947
Tonnasje: 123 brt
61 nrt
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ternen»
Eigar: Hurum – Holmestrand Ruten (A/S Darre Brecke)
Overdratt: 1962 til Ivar Matre, Sandeid/Holmestrand
Sett i teneste: 1957
Heimehamn: Oslo/Holmestrand
Kjennemerke: HPFN/LFBC
Lagnad: Opphogd 1963
Generelle mål etter ombygging i 1957
Tonnasje: 121 brt
44 nrt
Installert effekt : 200 bHK
Framdrift: 2cyl. 2T Bolinder RM (J. & C. G. Bolinders MV AB, Stockholm, b.1929)

DS «Ternen» var eit dampskip levert frå Thorskogs Mekaniske Verkstad i Sverige i august 1897 til AS Ternen / v. Michael Blom Bakke, Arendal. I perioden 1904-1957 var ho ein lokalrutebåt i rute Bergen-Austevoll-Fitjar, i alle år etter 1923 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. «Ternen», som på folkemunne blei kalla Tedno, var ein populær båt som rakk å bli noko av ein institusjon i det verharde ruteområdet. I 1957 vart ho selt til Holmestrand, ombygd til motordrift og nytta i lokalrutefart Holmestrand-Oslo fram til 1962. Båten vart vurdert ombygd til fraktefartøy på Vestlandet, men var for dårleg i skroget og gjekk derfor til opphogging i 1963.

Sørlandet[endre | endre wikiteksten]

På Sørlandet gjekk «Ternen» i kystrutefart Arendal-Kristiansand og «hurtigrute» Arendal-Kristiania (Oslo).

Hordaland[endre | endre wikiteksten]

I januar 1904 vart skipet seld til Hordalands Dampskibsselskab i Bergen og nytta i lokalrutefart. Gjekk tre dagar i veka Bergen-Austevoll-Fitjar (Bergen-Bratholmen-Ekerhovd-Søre Lie-Lerøy-Klokkarvik-Kleppsholmen-Håkonsund-Krosshamn-Hufthamar-Torangsvåg-Austevollshella-Storebø-Rostøysund-Kvalvåg på Stolmen-Djupevåg-Rabben-Fagerbakke-Bekkjarvik på Selbjørn-Vinnesvågen sør på Hufterøy-Gloppevågen-Fitjar). Ho gjekk òg to dagar i veka Bergen-Askøy (Varnesund, Tveitevåg og Haugland). Båten var populær (kalla Tedno på folkemunne), men eigarskapet sleit med å få lønsam drift.

I februar 1923 vart eigarselskapet med båt og rute overteke av Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab i Bergen for 50 000 kroner. Dette hadde òg vore på tale i 1909, men vart då ikkje noko av. Skipet fortsette i dei same rutene.

1. januar 1927 vart ruta på Askøy overteke av Dampskibsselskabet Topdal etter forhandlingar med HSD. «Ternen» fortsette i ruta Bergen-Austevoll-Fitjar på heiltid.

Under heile andre verdskrigen gjekk skipet i ruta si. Sommaren 1945 vart ho overhalt og reparert ved Frydenbø Slip på Damsgård i Bergen og hausten 1945 var ho sett i fart att. I 1948 vart ho ombygd og modernisert. Ombygging til motordrift vart vurdert, men ikkje gjennomført. Overbygningen vart forlenga akterover.

I juli 1952 vart ruta på Austevoll-Fitjar overteke av den innleigde lokalrutebåten «Skjærgaard». «Ternen» vart då opplagt som reservebåt.

Oslofjorden[endre | endre wikiteksten]

I mars 1957 vart ho seld til Hurum-Holmestrand-Ruten i Holmestrand og ombygd til motordrift. Ho vart nytta i lokalrute Holmestrand-Oslo. I 1961 vart ruta innstilt og båten gjekk i opplag.

Våren 1962 vart ho seld til Ivar Matre i Sandeid / reg. Holmestrand. Ho var tenkt ombygd til fraktefartøy, men skroget var i for dårleg stand, så sommaren 1963 vart ho hogd opp i Ølensvåg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]