David

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kong David forma av Michelangelo.

David er eit namn som kjem frå hebraisk דָּוִד (Dávid), truleg frå dód som tyder elska. Namnet finst òg på arabisk som داود (Dāʾūd). Det kan vera både førenamn, etternamn og stadnamn.

Namnet er blitt populært på grunn av kong David, ein konge av Israel som er mykje omtala i Bibelen. Det er mellom anna svært mykje brukt i USA, der det var det andre mest gjevne gutenamnet mellom 1960 og -69.

David har svensk namnedag den 25. juni.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Namnet finst i mange variantar på ulike språk.

Blant jødar kan det mellom bli transkribert som Dovid eller omforma til Dudel. Blant muslimar kan namnet transkriberast til dømes som Dawud, Daud eller Daoud.

velsk er det Dafydd eller Dewey, med Dai og Taffy som kortformer. Patronymet Davis er eit svært vanleg velsk slektsnamn som viser at mange walisarar heitte David då etternamn blei innførte.

skotsk gælisk blir namnet skrive Dáibidh eller Daividh og på irsk Daithí.

engelsk har namnet fleire kortformer, mellom anna Dave og Davy. Dawson er eit patronymisk etternamn.

Namnet finst som Daviportugisisk, Davideitaliensk og Dawidpolsk.

Finsk har Taavetti, med Taavi som kortform.

Det er sjeldan omforma og brukt som kvinnenamn, men finst som Davida, Davina og Davinia.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

David som førenamn[endre | endre wikiteksten]

Kongelege[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

David Livingstone.


Etternamn og slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Stader[endre | endre wikiteksten]

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]