Dragutin Topić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dragutin Topić

Dragutin Topić 20062009.JPG

Verkeleg namn Драгутин Топић
Statsborgarskap Serbia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 12. mars 1971
Beograd
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Dragutin Topić (fødd 12. mars 1971) er ein serbisk tidlegare friidrettsutøvar og basketballspelar frå Beograd, som tevla i høgdehopp for Jugoslavia og seinare Serbia. Han vart europameister i høgdehopp i 1990, og deltok i internasjonale meisterskap i 23 år.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Topić sette verdsrekord i høgdehopp for juniorar med 2,37 meter då han vann VM for juniorar i Plovdiv sommaren 1990. Tre veker seinare tok han gullmedaljen i EM i 1990 i Split. Han fekk meistertittelen med 2,34 m, ettersom han hadde færre riv i tevlinga enn Aleksej Jermelin frå Sovjetunionen og Georgi Dakov frå Bulgaria.

I 1993-sesongen forbetra Topić den nasjonale rekorden til 2,38 m, men mislukkast totalt i kvalfiseringa under VM i friidrett. To år seinare vann han høgdetevlinga under universiaden, men vart nummer åtte i VM i Göteborg. Våren 1996 vann han innandørs-EM i Stockholm, medan han sommaren 1996 var med i medaljekampen under OL i Atlanta, der han vart nummer fire med 2,32 m.

Topić vart nummer fire med 2,32 m også i friidretts-VM 1999 i Sevilla, bronsemedaljen glapp då han hadde fleire riv enn tyskaren Martin Buß. Topić kvalfiserte seg til sin siste store høgdefinale i 2005, kom på niandeplass i VM i Helsingfors. Den 20. juni 2009 vann han høgdetevlinga under Europameisterskapen for lag på Fana stadion i Bergen med 2,29 meter.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Topić var i 1993 utestengd i tre månader for bruk av ulovlege stimuli. I februar 2001 vart han utestengd i to år frå friidretten for bruk av nandrolon. Den perioden livnærde han seg med å spele basketball.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Topić la opp etter 2012-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]