Dzerzjinskij
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om om den russiske byen. For kommunistleiaren, sjå Feliks Edmundowicz Dzierżyński.
| Dzerzjinskij | |||
| Дзержинский | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||
| Areal | 15,69 km² | ||
| Folketal | 57 434 (2024) | ||
| Grunnlagd | 1921 | ||
| • Bystatus | 1981 | ||
| Retningsnummer | 495 | ||
![]() Dzerzjinskij 55°38′00″N 37°51′00″E / 55.633333333333°N 37.85°E | |||
| Wikimedia Commons: Dzerzhinsky, Moscow Oblast | |||
Dzerzjinskij (russisk Дзержи́нский) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Moskva, 20 km sør for Moskva sentrum.
Industrien i byen består av eit varmekraftverk, ein betongfabrikk og kjemisk industri.
Historia til byen er nært knytt til Nikolo-Ugresjklosteret, som ligg midt i byen. Klosteret vart grunnlagt ca. 1380 etter ordre frå knjaz Dmitrij Donskoj, og kalla opp etter St. Nikolas, som Donskoj i følgje segna såg i ein draum medan han gjorde seg klar til det lange felttoget mot horden til Mamai.
Grunnlegginga av byen vert rekna som 1921. I 1938 fekk busetnaden status som urbanliknande busetnad, og han fekk bystatus i 1981.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Dzerzjinskij» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
