Hopp til innhald

Mozjajsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mozjajsk
Можайск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Areal 15 km²
Folketal 32 755 (2024)
Først nemnd i 1231
   Bystatus 1708
Retningsnummer +7 49638
Kart
Mozjajsk
55°30′00″N 36°02′00″E / 55.5°N 36.033333333333°E / 55.5; 36.033333333333
Wikimedia Commons: Mozhaysk

Mozjajsk (russisk Можа́йск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg 110 km vest for Moskva, på den historiske vegen som fører til Smolensk og vidare til Polen.

Byen vart først nemnt i 1231 som tilhøyrande Tsjernigov. Seinare var han ei viktig festning for Smolensk-dynastiet. Byen vart erobra av Storfyrstedømet Moskva i 1303, men hadde i løpet av det neste hundreåret store problem med å forsvare han mot Algirdas av Litauen. Fyrstedømet vart vanlegvis heldt av ein yngre bror av den herskande storhertugen av Moskva, til praksisen vart droppa i 1493.

Den nye katedralen i Mozjajsk vart bygt 1802–1814.

Mozjajsk forsvarte framleis dei vestlege vegane inn mot Moskva under Napoelon sin invasjon av Russland og under den andre verdskrigen. Det store slaget ved Borodino i 1812 fann stad tolv kilometer frå byen.

Den første steinkatedralen vart bygt i byen sitt kreml tidleg på 1300-talet. I 1849 vart han plukka frå kvarandre stein for stein og så rekonstruert nøyaktig slik han tidlegare var. Ein større blodraud katedral i nygotisk stil vart fullført i 1814. Kyrkja til St. Joakim og Anna har bevart element frå tidleg 1400-talet. Eit anna viktig landemerke er Luzjetskijklosteret, grunnlagt i 1408 av St. Ferapont og gjenoppbygd i mustein på 1500-talet. Klosterkatedralen, bygt under Vasilij III sitt styre, var tidlegare kjend for sine fresker, tilskriven kretsen til Dionisij.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Mozjajsk