Koroljov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koroljov
Королёв
Ei gate i Korljov
Ei gate i Korljov
Ei gate i Korljov
Byåpenet til Koroljov
Byvåpenet til Koroljov


Plassering
Koroljov is located in Russland
Koroljov is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd 1938
Borgarmeister Aleksander Morosenko
Geografi
Flatevidd
 - By

39 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

173 600
  4 451,3 /km²
Koordinatar 55°55′″N 37°49′″EKoordinatar: 55°55′″N 37°49′″E
Høgd over havet 160 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141060–141089
Retningsnummer (tlf) (+7)495
Nettstad: www.korolev.ru

Koroljov (russisk Королёв) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg rundt 20 km nordaust for Moskva og har om lag 175 000 innbyggjarar (2007).

Byen er kjent som staden der den russiske romfarten starta. Byen vart grunnlagt i 1938 under namnet Kaliningrad, som det førande sovjetiske senter for produksjon av antistridsvogn- og luftforsvarsartilleri. Etter den andre verdskrigen vart derimot artillerifabrikken ombygd for produksjon av rakettar og romfartøy, under leiing av den russiske vitskapsmannen og akademikaren Sergej Pavlovitsj Koroljov. Fabrikken vart seinare kjent som RKK Energija. I juli 1996 vart bynamnet endra til Koroljov, for å unngå forveksling med den meir kjente byen Kaliningrad.

Rakett- og romfartskomplekset «RKK Energija» er den største arbeidsgjevaren i byen, i tillegg finst det fleire andre industriar i Koroljov. Det russiske kontrollsenteret for romferder (russisk: Центр Управления Полётами (ЦУП) – Tsentr Upravlenija Poljotami (TsUP)) ligg òg i Koroljov. Dette svarar til NASA Mission Control Center i Houston i Texas.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1100-talet låg ein slavisk busetnad på staden der Koroljov ligg i dag. Busetnaden låg ved ein stad der fleire handelsvegar mellom fyrstedøma Moskva og Vladimir-Suzdal møttest. Etter mongolinvasjonen av Russland gjekk regionen tilbake. På 1700-talet vart ein dei første tekstilfabrikkane i Russland etablert her.

På slutten av 1800-talet og fram til revolusjonen i 1917 låg det mange datsjaer for velståande moskovittar i Koroljov. Mange kjende personar, som Konstantin Stanislavskij, Anton Tsjekhov, Valerij Brjusov, Boris Pasternak, Anna Akhmatova, Isaak Levitan, Pavel Tretjakov, Marina Tsvetajeva og Vladimir Lenin budde her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]