Pavlovskij Posad
Pavlovskij Posad Павловский Посад | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Pavlovskij Posad | Byvåpenet til Pavlovskij Posad |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1328 1844 | |
Borgarmeister | Mikhail Korsak | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
39 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
61 300 1 571,8 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 130 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 142500–142507 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)49643 |
Pavlovskij Posad (russisk Па́вловский Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg rundt 70 km aust for Moskva, ved samløpet av elvane Kljazma og Vokhna. Jernbanelinja Moskva–Vladimir går gjennom byen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen oppstod som landsbyen Pavlovo alt i 1328. På 1700-talet utvikla det seg her ein tekstilindustri som i løpet av åre gav byen eit godt rykte. Dette førte til ein næringslivsmessig oppsving, gjennom handel med varene som vart produsert her. I 1844 vart Pavlovo slått saman med nokre nærliggande landsbyar og fekk bystatus under det nye namnet Pavlovskij Posad. Fram til byrjinga av 1900-talet voks byen gjennom ytterlegare industriskipingar, hovudsakleg tekstilfabrikkar.
Heilt frå starten låg landsbyen på jordområda til klosteret Troitse-Sergijeva Lavra i Den russisk-ortodokse kyrkja. Seinare (frå midten av 1600-talet) hamna landområdet inn under staten. På grunn av denne spesielle forhistoria var Pavlovskij Posad aldri underlagt det russiske liveigenskapet.
Økonomi og industri[endre | endre wikiteksten]
Tekstilindustrien er framleis den viktigaste industrien i dagens Pavlovskij Posad. Etter Sovjetunionen kollapsa og fram til i dag har tekstilindustrien i Russland vore i dårleg forfatning, sidan konkurransen med asiatiske land var for sterk og kom for brått for særs mange føretak og mange bukka under. Derimot var det enkelte fabrikkar som overlevde gjennom å finne smale produktnisjer som dei spesialiserte seg på. Den mest kjende fabrikken i Pavlovskij Posad - Pavlovo-Posadskaja Manufaktura produserer framleis tradisjonelle russiske skaut og sjal og sidan han er den einaste fabrikken som masseproduserer sjal i Russland så ser den finansielle fremtida lys ut for fabrikken. Andre fabrikkar overlevde ved å konsentrere seg om brannslokkingsutstyr (som brannslangar), medan andre produserer liturgiske klede for ortodokse prester.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Uoffisielt nettstad for byen (russisk)
- Pavlovo-Posadskaja Manufaktura (russisk, engelsk)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Pavlovskij Posad» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.