Hopp til innhald

Peresvet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peresvet
Пересвет
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Areal 19 km²
Folketal 11 434 (2024)
Grunnlagd 1955
   Bystatus 2000
Retningsnummer +7 49654
Kart
Peresvet
56°25′00″N 38°11′00″E / 56.416666666667°N 38.183333333333°E / 56.416666666667; 38.183333333333
Wikimedia Commons: Peresvet (town)

Peresvet (russisk Пересве́т) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kunja, ei sideelv til Dubna), rundt 90 km nordaust for Moskva og 17 km nord for Sergijev Posad.

Offisielt vart Peresvet grunnlagt i 1955 som ein urbanliknande busetnad som tente NIIChimMash (russisk: НИИ́Хи́мМа́ш, ei forkorting for «forskningsinstitutt for kjemisk ingeniørkunst»), eit forskingsinstitutt for testing av rakettmotorar og vakuumkammertesting av romfartøy. Busetnaden fekk namnet Novostrojka (russisk: Новостро́йка).

Til 1992 var Novostrojka eit forbode område. Under sovjetperioden var all busetnad fullstendig underlagt styret til instituttet. Seinare vart det styrt av administrasjonen i byen Krasnozavodsk. I 2000 fekk byen endeleg bystatus og det noverande namnet (etter mellomalderhelten Aleksander Peresvet).

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Peresvet