Hopp til innhald

Sergijev Posad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergijev Posad
Сергиев Посад
by
Gamlebyen og Profeten Elias-kyrkja.
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Høgd 210 m
Areal 50 km²
Folketal 98 251 (2024)
Grunnlagd 1400-talet
   Bystatus 1782
Postnummer 141300–141315
Retningsnummer (+7) 49654
Kart
Sergijev Posad
56°18′00″N 38°08′00″E / 56.3°N 38.133333333333°E / 56.3; 38.133333333333
Wikimedia Commons: Sergiyev Posad

Sergijev Posad (russisk Се́ргиев Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar.

Han har opphav på 1400-talet rundt eit av dei største russiske klostera, Troitse-Sergijeva Lavra oppretta av St. Sergij av Radonezj. Busetnaden fekk bystatus i 1742. Sidan namnet på byen, som viser til St. Sergij, hadde sterke religiøse tydingar, endra dei sovjetiske styresmaktene først namnet til berre Sergijev i 1919 og så til Zagorsk i 1930, til minne om den revolusjonære Vladimir Zagorskij. Det opphavlege namnet vart igjen offisielt brukt igjen i 1991.

Turisme er viktig for den regionale økonomien. Det er òg ein stor leketøysfabrikk i byen.

I 1947 oppretta Sovjetunionen sin første fabrikk for å lage biologiske våpen basert på kopar i utkanten av Sergijev Posad.

Jernbane og motorveg mellom Moskva og Jaroslavl går gjennom byen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sergijev Posad