Hopp til innhald

Dolgoprudnyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dolgoprudnyj
Долгопрудный
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Høgd 180 m
Areal 30,7 km²
Folketal 8 044 (1939)
Grunnlagd 1931
   Bystatus 1957
Postnummer 141700–141707
Retningsnummer (+7) 495
Kart
Dolgoprudnyj
55°56′00″N 37°30′00″E / 55.933333333333°N 37.5°E / 55.933333333333; 37.5
Wikimedia Commons: Dolgoprudny

Dolgoprudnyj (russisk Долгопру́дный) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg ved Moskvakanalen, rundt 20 km nord for Moskva.

Bynamnet kjem av det russiske «Долгий пруд», dolgy prud – «lang dam», etter ein lang og smal dam som ligg i den nordaustlege delen av byen. Bynamnet vert stundom uformelt forkortet til Dolgopa.

Ein busetnad kalla Vinogradovo, som låg same stad som dagens by, har vore kjend sidan 1600-talet. På 1900-talet vart så ein jernbane bygt og i 1914 kom ei jernbaneplattform på staden. Busetnaden starta og utvikle seg, særskild etter at ein luftskipfabrikk vart bygt der i 1931. Luftfartsingeniøren Umberto Nobile arbeidde der i fem år på 1930-talet. I nokre få år på 1930-talet vart busetnaden kalla Dirizjablstroj (tyder «luftskipbygging»).

I 1951 flytta det kjende Moskva Institutt for fysikk og teknologi til Dolgoprudnyj og bygginga av det noverande universitetsområde starta sør i byen, inspirert av Nobelprisvinnarane Pjotr Kapitsa, Lev Landau og Nikolaj Semjonov.

Byen har no òg verksemder innan maskinbygging, ingeniørverksemd og kjemisk industri. Dolgoprudnyj er òg gjenstand for ein omfattande utvikling med stor byggeverksemd både kommersielt og innan bustadbygging, på grunn av den fordelaktige plasseringa og som følgje av aukande etterspurnad etter tomtar i forstadane til Moskva.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dolgoprudnyj