Egil Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Egil Kristiansen
Fødd 18. januar 1966
Lillehammer
Yrke langrennsløpar

Egil Kristiansen (fødd 18. januar 1966) i Lillehammer er ein norsk langrennstrenar og tidlegare langrennsløpar. Den beste individuelle prestasjonen hans i løypa er 8. plassen på 30 km under dei olympiske leikane på Lillehammer i 1994.

Kristiansen vann to sølvmedaljar i noregsmeisterskap, begge på 10 km, og ein bronsemedalje.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: Nr 16 på 50 km i Vang
  • 1992/3: Nr 21 på 15 km i Ramsau
  • 1994: Nr 8 på 30 km i OL på Lillehammer
  • 1994/5: Nr 6 på 10 km i Sappada
  • 1996: Nr 15 på 10 km i Falun
  • 1997: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen
  • 1998: Nr 10 på 30 km i Kavgolovo
  • 1999: Nr 23 på 30 km i Nove Mesto
  • 2000: Nr 11 på 30 km i Moskva
  • 2001: Nr 24 på 60 km i Kuopio

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 10 på 30 km på Gjøvik.
  • 1992: Sølvmedalje på 10 km i Trondheim
  • 1993: Nr 4 på 50 km på Dombås
  • 1994: Nr 4 på 30 km i Vegårshei
  • 1995: Nr 8 på 10 km i Oslo
  • 1996: Sølvmedalje på 10 km i Stryn
  • 1997: Bronsemedalje på 30 km i Mo i Rana
  • 1998: Nr 7 på 50 km i Alta
  • 2000: Nr 5 på 10 km i Vang

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Kristiansen la opp som langrennsløpar i 2001 og vart deretter tilsett i trenarteamet kring det norske kvinnelandslaget i langrenn. År 2005 tok han over som norsk landslagstrenar i langrenn for kvinner, eit syssel han innehar framleis (2011).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]