Egil Olli
Hopp til navigering
Hopp til søk
Egil Olli | |
Fødd | 13. oktober 1949 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
Wikimedia Commons: Egil Olli | |
Egil Andreas Olli, kjend som Egil Olli, (fødd 13. oktober 1949) er sametingsrepresentant for Arbeiderpartiet. Han vart sametingspresident i 2007, midt i perioden 2005-2009, og heldt fram som president også i perioden 2009-2013. Han vart vald inn frå Ávjovárri valkrins.
Olli har vore sametingsrepresentant alle periodane frå 1989 og vart attvald i 2009. Olli var Arbeidarpartiet sin presidentkandidat ved valet i 2005. 26. september 2007 vart Egil Olli vald til sametingspresident, etter at det parlamentariske grunnlaget for NSR sin president Aili Keskitalo forsvann grunna ein konflikt mellom NSR og varapresident Johan Mikkel Sara.