Eigerøy fyrstasjon

Koordinatar: 58°25.8502′N 5°52.0473′E / 58.4308367°N 5.8674550°E / 58.4308367; 5.8674550
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eigerøy fyr)
Eigerøy fyrstasjon

Fyrtårnet på Eigerøy fyrstasjon sett frå sørvest.
Foto: Roar Johansen
FylkeRogaland
KommuneEigersund
FunksjonKystfyr
Oppretta1854
Koordinatar58°25.8502′N 5°52.0473′E / 58.4308367°N 5.8674550°E / 58.4308367; 5.8674550
Fyrtårn
Høgd32,9 meter
FormRaudt tårn med kvitt belte
ByggjematerialeStøypejarn
Fyrlys
LyskarakterKvitt med tre lynblenk kvart 30. sekund
Lysstyrke3 905 000 cd
Lyshøgd46,5 moh.
Lysvidde18,8 nm
Status
EigarEigersund kommune
Automatisert1989
VernestatusFreda 1998, etter Kulturminnelova
Kart
Eigerøy fyrstasjon
58°25′51″N 5°52′03″E / 58.43083333°N 5.8675°E / 58.43083333; 5.8675

Eigerøy fyrstasjon er eit kystfyr på den vesle øya Midbrø ved Eigerøy i Eigersund kommune i Dalane i Rogaland. Stasjonen vart oppretta i 1854 og var den fyrste i landet med fyrtårn i støypejarn. Stasjonen vart automatisert og avfolka i 1989.

Funksjon og tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Eigerøy fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Eigerøy fyrstasjon

Fyrtårnet står på ein pynt i eit område med glattskura berg. Tilkomsten frå havet er via ein landingsplass med kai i ei bukt rett aust for fyret. Ein kan òg komme til fyret over land på ein to kilometer lang tursti frå Eigerøy over Midbrø.

Tårnet er eit raudt jarntårn med eit kvitmåla belte. Det reiser seg 32,9 meter til ei høgt på totalt 46,5 meter over havet. Innvendig er det 134 trappetrinn frå sokkelen opp til lykthuset på tårnet. Lyskjelda gjev tre blinkar med rundtlysande kvitt lys kvart 30. sekund. Fyrlinsa er av første orden, med ei lysstyrke på 3 905 000 candela, og ei lysvidde på 18,8 nautiske mil. Eigerøy fyrstasjon er framleis rekna å vere eit lyssterkt fyr.

I tillegg til fyrtårnet har fyrstasjonen ein vaktarbustad, uthus, kai, naust og maskinhus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eigerøy fyrstasjon vart det første fyranlegget som blei bygd mellom Lista og Kvitsøy etter at fyrkommisjonen gav ei tilråding om plassering av det neste fyret i 1852. Iverksetjinga av byggeplanen blei eit prestisjeprosjekt til 44 497 spesidalar. Med unnatak av optikken som kom frå Paris var alt materiell norskprodusert. Støypejarnsdelane kom frå Bærums Verk og blei fora med murstein. Lyktehuset kom frå Nes Jernverk. Fyrapparatet med linsa var allereie den gongen av første orden. Bygginga gjekk over to sesongar i 1853 og 1854. Første sommaren var fundamentet ferdig, neste sommar blei sjølve tårnet skrudd saman. Rekneskapen frå prosjektet er framleis kjent, her var utgifter til materialar, verktøy, ekstra rasjonar brennevin, medisinar og ei likkiste. Drifta starta 15. november 1854. Kort tid etter vart innseglingsfyret Vibberodden fyrstasjon bygd få kilometer lengre aust på Eigerøya for å hjelpe trafikken inn til Egersund.

Frå 1897 til 1902 vart det utført ei større ombygging til 63 000 kroner. Det vart mellom anna sett opp eit nytt lykthus frå «Thunes Mek. Verksted» med nytt fransk lynblinkapparat.

I 1934 fekk fyret elektrisk energiforsyning og ein installerte diafon for kraftige skoddesignal. Same år blei også maskinhuset reist tett ved tårnet og tankar for trykkluft installert inne i tårnet.

Etter automatiseringa i 1989 har det vore lokalt tilsyn av stasjonen, medan Eigersund kommune har hatt leigeavtale for to sjøbuer, bustaden, og «hobbyhuset» som var knytt til fyrstasjonen. I 2005 fekk kommunen kjøpe fyrstasjonen for 450 000 kroner. [1].

Anna informasjon[endre | endre wikiteksten]

Målsettinga for kommunen er å gjere fyret om til eit slags kystkultursenter. Eigersund kommune har i samarbeid med 22 grunneigarar bygd vegen ut mot fyrbygningen. Dei har òg sett i stand ein parkeringsplass og mudra sundet mellom Midbrø og Eigerøy slik at fritidsbåtar kan komme seg ut til fyret innanskjers. Området rundt fyrstasjonen med alle bygningar blei freda frå 1998 etter kulturminnelova.

Dalane lokallag[daud lenkje] av Norsk Ornitologisk Forening har fuglestasjon på området. Her er òg gode forhold for sportsdykking med tareskog ned til 30 meters djup.

Hellisøy fyrFedje, det andre fyret i støypejern i landet, vart støypt i akkurat dei same formene som Eigerøy fyr og har derfor heilt likt form.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]