Lista fyrstasjon
| Lista fyr i solnedgang. Foto: Rolf Steinar Bergli | |||
| Fylke | Agder | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Farsund | ||
| Funksjon | Kystfyr | ||
| Oppretta | 1836 | ||
| Koordinatar | 58°06.5569′N 6°34.0153′E / 58.1092817°N 6.5669217°E | ||
| Fyrtårn | |||
| Høgd | 34,0 | ||
| Form | Fyrbygning med tårn | ||
| Byggjemateriale | Hogd granitt | ||
| Fyrlys | |||
| Lyskarakter | Lysglimt vart 4. sek. | ||
| Lyshøgd | 39,5 moh. | ||
| Status | |||
| Eigar | Staten | ||
| Automatisert | 2003 | ||
| Avfolka | 2003 | ||
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
![]() Lista fyrstasjon 58°06′33″N 6°34′02″E / 58.109302°N 6.567271°E | |||
Lista fyrstasjon er eit fyr som ligg på Ytre Listalandet i Farsund kommune i Agder. Fyret bestod tidlegare av tre fyrtårn, men i dag står berre eitt att. Det første fyret vart tent i 1836.
Fyrtårnet er bygd i hogd granitt og er frå 1833 og er 34 meter høgt. Det hurtigblinkande linseapparatet er framleis i drift. Frå 1853 til 1874 stod det tre fyrtårn av denne typen på stasjonen. Dette var fordi det var nødvendig for å skilje Lista frå andre fyr. Stasjonen omfattar maskinhus, bustader med tilhøyrande uthusfunksjonar, uthus, tuft etter smie, veg til landing, samt naust. Fyrstasjonen har ein vêrstasjon og kystmeldingsteneste i tillegg til fyrdrifta. Området er avsett til landbruks-, natur-, og friluftsformål i kommuneplanen for Farsund.
Fyrstasjonen er et karakteristisk landemerke i det flate, særeigne og rike kulturlandskapet på Lista. Fyrtårnet er det einaste høge steintårnet i regionen og sjeldan i norsk fyrhistorisk samanheng. Fyrmeisterbustaden med uthus er av dei få bygningane ved fyrstasjonane her i landet frå byrjinga av 1800-talet, og har derfor høg aldersverdi. Linseapparatet har fyrteknisk verdi.
Lista fyrstasjon har miljøskapande verdi slik det ligg samla og avgrensa av steingjerde i det opne landskapet. Fyrstasjonen er viktig langs Listakysten, som er den største skipskyrkjegarden i landet. Eitt av dei tre tårna vart flytta og gjenreist som Halten fyr i Sør-Trøndelag.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Vêrstasjonen på Lista fyr har vore i drift sidan juli 1919 og har synopnummer 1427. Stasjonen ligg 14 meter over havet.
| Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Temperatur (°C) | 1,0 | 0,5 | 2,2 | 4,9 | 9,2 | 12,4 | 13,9 | 14,6 | 12,2 | 9,4 | 5,5 | 2,7 | 7,4 |
| Nedbør (mm) | 94 | 61 | 74 | 58 | 72 | 67 | 78 | 107 | 134 | 151 | 150 | 101 | 1147 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lista fyrstasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 7. oktober 2008.
Andre kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Lyngør fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lista fyr
- Lista fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
