Eiliv Austlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiliv Austlid

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1899
Ullensvang kommune
Død

15. april 1940 (40 år)
Dovre kommune

Yrke bonde
Eiliv Austlid på Commons

Eiliv Austlid (fødd 6. mai 1899 i Ullensvang, død 15. april 1940) var ein norsk bonde og kaptein under andre verdskrigen. Austlid vart tildelt Krigskrossen, Noregs høgste utmerking, 69 år etter at han fall i krigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Austlid var son av folkehøgskulestyraren og målmannen Andreas Austlid frå Gausdal, og Gunhild Offigsbø frå Lom. Han gifta seg i 1925 med Dagny Landheim (f. 1904) frå Løten. Saman fekk dei fem born.

Etter fire års underoffisersskule og artium tok Austlid i 1923 eksamen ved øvste avdelinga i Krigsskulen. I 1923-24 gjekk han gjennom Vinterlandbruksskulen. Han tenestegjorde som speidar i flyavdelinga til Hæren og gjekk på våpenskulen i infanteriet. I 1938 blei han utnemnd til kaptein.

Andre verdskrigen – Hendinga ved Dombås[endre | endre wikiteksten]

Etter det tyske åtaket på Noreg i april 1940 hadde kaptein Austlid ansvar for tryggleiken til regjeringa då dei flykta mot Dombås. Austlid var då leiar for eit sparsamt utstyrt kompani på 40 mann. Ved Hagevollen nord for Dovre blei han skoten av tyske soldatar. Ifølgje Våre falne, som blei utgjeven etter krigen, blei han skadd og innlagd på Ulekleiv Hotell. Austlid skal ha omkome då hotellet blei bomba i brann. Det har òg blitt hevda at Austlid fall i bakhald av tyske fallskjermjegerar, m.a. i bøkene Krigen i Norge frå 1955 og memoarane etter Trygve Lie, Leve eller dø (også 1955). Situasjonen førte til at Austlid blei karakterisert som uaktsam og dårleg til å lesa situasjonen, ifølgje dei nemnde bøkene.[1]

For å ha falle i kamp for Noreg blei Austlid tildelt Krigsmedaljen den 31. oktober 1946 .[2]

Etterspel – Nye opplysningar[endre | endre wikiteksten]

I 2009 blei Austlid tildelt Krigskrossen med sverd, den høgste utmerkinga i Noreg.
Foto: KEN

I seinare tid har det kome nye opplysningar fram i ljoset. I 1985 trykte lokalavisa Dagningen ein serie om kampane på Dovre. Der hadde journalisten Minda Flatum intervjua fleire soldatar i troppen til Eiliv Austlid, og dei fortalde ei anna historie enn den offisielle. Fleire personar arbeidde så med å finna fram fleire opplysningar, blant anna sonen Bjørnar Austlid og lokalhistorikaren Egil M. Kristiansen frå Stange. Han har ført desse opplysningane i Stange Historielags årbok i 1988, og seinare i boka Da tyskera kom frå 1990.

Dei nye opplysningane tilseier at tyskarane allereie var oppdaga, og at Austlid ynskte å senda ein fortropp. Han blei kommandert av Trygve Lie til å rykkja fram utan fortropp med orda: «Det har vi ikke tid til. Dere som tilhører Norges elitekompani, skal være redde for noen forfrosne tyskere, det er for galt. Bare kjør igjennom.»[3] Austlid utførte ordren. Med regjeringa i bilar berre kort avstand bak gjekk tyskarane til åtak. Austlid beordra så motåtak på tyskarane, vel vitande om at viss dei hadde overgjeve seg, ville regjeringa bli teken til fange. Han fekk med seg fem-seks frivillige, storma fram over eit ope jorde for å ta den tyske stillinga, og gav slik regjeringsbilane sjansen til å koma unna. Kloss opp i den tyske stillinga blei Austlid treft, fall om og døydde.

Krigskrossen – Innstilling og tildeling[endre | endre wikiteksten]

I 2002 bad Generalinspektøren for Hæren, generalmajor Roar Haugen, Forsvarsdepartementet om å vurdera tildeling av Noregs høgste utmerking, Krigskrossen, til Austlid. Leiaren av Krigsdekorasjonsrådet, Geirmund Ihle, tilbakeviste dette kravet med grunngjevinga at regjeringa Gerhardsen sette sluttstrek for utdeling av Krigskrossen i 1949. Gruppa som arbeidde for Austlids sak avviste dette som ei uhaldbar grunngjeving.[4][5]

I statsråd 26. juni 2009 blei det vedteke å gjeninnføra tildeling av Krigskrossen. Forsvarssjef Sverre Diesen innstilte Eiliv Austlid som mottakar av Noregs høgste utmerking. I statsråd 2. oktober 2009 blei Austlid tildelt Krigskorset med sverd post mortem «for personlig utvist tapperhet på fremragende måte under felttoget på Dovre 15. april 1940.»[6][7][8]

Eiliv Austlid blei med det den første som fekk tildelt Krigskrossen sidan 1949.

Ved ein høgtideleg seremoni i Fanehallen på Akershus festning den 24. mars 2010[9][10] blei Krigskrossen med sverd og diplom overrakt dei etterlatne ved dottera Gunnhild Oppigard Austlid og sønene Hallvard og Bjørnar Austlid. Til stades var blant andre statsminister Jens Stoltenberg[11], forsvarsminister Grete Faremo, forsvarssjef Harald Sunde[12], samt representantar for det offisielle Noreg og inviterte gjester.

I desember 2010 donerte familien Austlids eksemplar av Krigskrossen med sverd til Krigsskulen.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Munthe-Kaas, Otto: Operasjonene gjennom Romerike, Hedemarken, Gudbrandsdalen, Romsdalen, Krigen i Norge, 1955
  • Kristiansen, Egil M.: Da tyskera kom, Stange Historielag, 1990, ISBN 8290139462
  • Kristiansen, Egil M.: Kampen (mot tyske fallskjermjegere – og norske byråkrater), Stange Historielag, 2010, ISBN 9788291366289

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]