Erik Nord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Nord
Fødd 16. oktober 1780
Eid
Død

18. september 1858
Ålesund

Yrke politikar, handelsmann

Erik Olsson Nord (16. oktober 178018. september 1858) var ein norsk smed, urmakar, gardbrukar og stortingsmann frå Eid i Nordfjord. Han representerte Nordre Bergenhus amtStortinget i 1814 og 1833. Nord var ein vidkjend urmakar i samtida.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nord var son til ein gardbrukar og byggmeister i Eid. Sjølv vart han kjend som ein dugande smed og klokkemakar. Før han vart konfirmert laga han ei stoveklokke som han gav til soknepresten i bygda. Seinare laga han eit ur med mange visarar, eine visaren trong eit år på å gå rundt.

I 1801 var Nord i militærteneste i garnisonen i Bergen. Han lærte då mykje av regimentssmeden. Her kom han i kontakt med eit miljø som målbar tankar om nasjonalt sjølvstende. Frå 1808 pakta Nord garden Løkja i Eid. Seinare arbeidde han i to år som børsesmed i Bergen, hos regimentssmed Larsen. Mot slutten av krigsåra arbeidde han som korpssmed i Nordfjord, arbeidde då også i våpensmier i Selje, samt i VoldaSunnmøre. Han tak avskjed som korpssmed i 1814.

Den 23. september 1814 var Nord ein av dei som vart peika ut til å representere Nordre Bergenhus amt på det 1. overordentlege storting. Valet fann stad på garden Vange i Vik i Sogn. Stortingsmann Nord var med i forhandlingsnemnda og den 25 mann sterke delegasjonen som møtte kong Kristian FredrikBygdøy, for der å take mot fråsegna der kongen sa frå seg makta over Noreg.

I slutten av november 1814 var Nord med i ein sju mann sterk deputasjon som Stortinget sende til Stockholm for å møte kongen over Sverige og Noreg, for der å få godkjend grunnlova av 4. november 1814. Wilhelm F.K. Christie leia deputasjonen. Midt i desember månad var dei i gjestebod på Stockholm slott, og dagen etter vart grunnlova overlevert kongen. I samband med audiensen fekk Nord ein gulldåse, samt ein medalje i eit kjede. Både på Stortinget og i Stockholm gjekk han kledd i si nasjonaldrakt; «hvit vadmelstørie med grønne, taggede kanter og sølvknapper, sort vest, sorte knæbukser med sølvspendær og knapper ved knærne, spraglete strømper og sølvspændte sko».

Nord kjøpte handelsstaden Bryggja i ytre Nordfjord i 1818. Dei 400 spesidalarane han trong til kjøpet skal han ha fått låne av kong Karl Johan. Styringa av handelen overlet han til ein annan, sjølv dreiv med sitt handverk.

I 1833 vart Nord vald til stortingsmann på ny, han var då medlem av konstitusjonskomiteen og Lagtinget.

På sine eldre dagar flytta Nord til Ålesund, der ein son budde. Han døydde i Ålesund i 1858.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • T.O. Eide: «Stortingsmann Erik Nord» i Årbok for Nordfjord 1965, side 90-95.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]